Horsa glidefly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Airspeed Horsa.

Airspeed Horsa var eit britisk høgvinga militært glidefly bygd av tre. Flytypen vart brukt på fleire krigsskodeplassar under den andre verdskrigen.

Flyet var første gong i operativt bruk 19/20 november 1942 då to Aispeed Horsa glidefly deltok under den mislukka operasjonen Operasjon freshman mot Norsk Hydros fabrikk på Vemork i Rjukan i Telemark.[1]

Den 10. juli 1943 vart 27 Horsa glidefly brukt i Operasjon Husky, invasjonen av Sicilia. I samband med den allierte landgangen i Normandie vart store mengder Horsaer brukt (estimert til over 250 fly). Horsa glidefly deltok i operasjonane Tonga, Deadstick, Dragoon og Market Garden og Varsity under den allierte fremrykkingen på kontinentet. Operasjon Varsity i mars 1945, då 440 glidefly frakta soldatar frå 6th Airborne Division over Rhinen, var siste operasjon for Horsa glidefly.

Flyet kunne frakta såvel soldatar som ein jeep og ein mindre kanon. Horsa var eit solid fly og lett å manøvrera, men stort sett berre eigna til engongsbruk. Det vart bygd i 3 655 eksemplar.

Spesifikasjonar Horsa Mk. I[endre | endre wikiteksten]

Airspeed Horsa cockpit.
Glideflyet Airspeed Horsa
  • Byggeår: 1942
  • Mannskap: 2 flyvere
  • Motor: Ingen
  • Vengespenn: 26,8 m
  • Lengd: 20,40 m
  • Høgd: 5,90 m
  • Vingeflate: 102,5 m²
  • Tomvekt: 3 800 kg.
  • Max. vekt: 7 030 kg
  • Fart: 242 km/t under slep/ 160 km/t glidande
  • Last: 20-25 soldatar + Jeep m/liten kanontilhengar

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hegland, Kåre 1942-; Weihe, Hans-Jørgen Wallin 1951-; Smith-Solbakken, Marie 1959-; Sognli, Helge 1970-; Drew, Ion 1949- (1. januar 2011). Silent heroes: Operation Freshman and others = Tause helter : operasjon Freshman og andre falne. Stavanger: Hertervig akademisk. ISBN 9788282170215. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]