Horsh Ehden naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Horsh Ehden)
Horsh Ehden naturreservat
verneområde
Horsh Ehden naturreservat
Land  Libanon
By Ehden
Koordinatar 34°18′29.65″N 35°58′58.91″E / 34.3082361°N 35.9830306°E / 34.3082361; 35.9830306
Grunnlagd 9. mars 1992[1]
Styre Horsh Ehden naturreservat, libanesisk miljøvernsdepartement
Kart
Horsh Ehden naturreservat
34°18′44″N 35°59′06″E / 34.312222222222°N 35.985°E / 34.312222222222; 35.985
Wikimedia Commons: Horsh Ehden Nature Reserve
Inne i reservatet.

Horsh Ehden er eit naturreservat som ligg i Nord-Libanon og består av restar av skogen av libanonseder, som er viktig for kultur- og naturarva til landet. Det ligg i nordvestsida av Libanonfjella omgjeve av tåke og relativt mykje nedbør. Fleire sjeldne og endemiske planter veks her. Sedertrea står ved sidan av ein blandingsskog av einer, furu og dei siste verna områda i landet med ville epletre. Av dyr i skogen finn ein keisarørn, haukørn, gråulv og villkatt. Reservatet ligg i vakre dalar og kløfter med ville orkidéar, lysefarga salamanderar, sopp og anna plante- og dyreliv.

Reservatet er eit populært turområde.

Naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Biologisk mangfald[endre | endre wikiteksten]

Horsh Ehden naturreservat har eit rikt biologisk mangfald. Det er registrert over 1 058 plantartar i reservatet, som utgjer kring 40% av alle planteartane i Libanon, sjølv om området berre dekker mindre enn 0,1% av landet. 212 av plantene er sjeldne, og 126 er rekna som truga. 115 av planteartane er endemiske for Libanon, og 10 er endemiske for Horsh Ehden.

Horsh Ehden naturreservat har òg eit rikt fugle- og dyreliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Horsh Ehden: About the Reserve». Nature reserve virtual tours. Association of tarvel and tourist agents i Libanon. Arkivert frå originalen 19. august 2014. Henta 10. september 2013. 

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Horsh Ehden naturreservat