Horstad gård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horstad gård

Kart
Horstad gård
65°03′01″N 12°30′26″E / 65.050277777778°N 12.507222222222°E / 65.050277777778; 12.507222222222

Horstad gård (alternativ dialektisk skrivemåte Hårstad) er ein gard i Åbygda i Bindal kommune i Nordland fylke. Garden, som skriv seg frå jernalderen, har i dag skipsreiaren og finansmannen Fredrik Olsen som eigar, etter at han overtok garden etter far sin, Thomas Olsen. Det totale arealet er på om lag 23 000 dekar. Eigendommen, som sidan 1960 har vore i familien Olsen sitt eige,[1] har både jakt- (små- og storvilt) og fiskerettar (i Åelva), og vert i dag leigd ut til turistføremål, kurs, konferansar og liknande. Otto Sverdrup, den kjende polfararen og oppdagaren, vart fødd på garden den 31. oktober 1854. Bygningane på garden har sidan 2001 gjennomgått omfattande oppussing og omjusteringar. Mellom anna er forpaktarbustaden heilrenovert og bygd saman med det eldste fjøset som skriv seg frå 1800-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • Det er gjort funn frå jarnalderen på garden.[2]
  • På 1600-talet var garden krongods.[2]
  • På 1700-talet hadde garden to sagbruk i drift.
  • Otto Neumann Knoph Sverdrup vart fødd på garden 31. oktober 1854 som nest eldst i ein søskenflokk på 10. Han reiste ut i 17 års alderen for å jobbe som sjømann i inn- og utenriksferd. Foreldra Ulrik Fredrik Suhm Sverdrup (1833-1914) og Petrika K. Sverdrup (1831-1885) flytta til Steinkjer med familien i 1874/75.
  • Mellom 1877/78 og 1914 eigde britiske interesser garden, og fram til 1937 vart garden leigd som feriestad av primært britar. På folkemunne kalla ein denne perioden for «engelsktida».
  • Edward A. Wilson (1872-1912), ein engelsk botanikar, lege og polfarar, var nokre somrar på garden på grunn av helse (1898-1901).
  • Dei siste husmannsplassane vart seld ut og frådelt som eigne bruk i perioden 1920-1925.
  • Hovudbygninga på garden var opphavleg i trønderlånstil. Taket vart gjort om til valmtak og huset fekk meir herregardspreg etter renoveringa i 1938. Hovedhuset som det vert kalla, er eit av dei eldste og best bevarte husa i Åbygda.

Gardsdrifta[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1870-talet og fram til i dag har garden vore driven ved hjelp av ein tilsett bestyrar/forpaktar og innleigd hjelp. Mjølkeproduksjonen vart lagt ned på 1970 talet, og ein gjekk over til kjøtproduksjon då dette vart sett på som meir lønsamt i lengda. Driftsbygninga frå 1941 står i dag tom. Eigarane har omdisponert det eldre steinfjøset til reiskapsbu. Den dyrka jorda vert leigd bort som tilleggsjord. Det vert også drive med hogst i mindre skala. Det kunne i periodar vere så mange som 15-20 personar i arbeid på garden sysselsett med forskjellige gjeremål.

Eigarforhold (1600-talet-notid)[endre | endre wikiteksten]

  • 1600 og 1700-talet Krongods og etterhvert var delar av han også kyrkjegods.
  • 1800-1821 Peder Knoph
  • 1821-1828 Birgitte Knoph (fødd Randulf), enka etter Peder Knoph.
  • 1829-1857 Peter Randolf Knoph
  • 1857-1874 Ulrik Fredrik Suhm Sverdrup
  • 1874-1877 Julius Jachelln
  • 1877-1889 James Sydney Walker, første engelske eigar av garden.
  • 1889-1897 William Archer
  • 1897-1914 Lionel Knight Rice, siste engelske eigar av garden.
  • 1914-1937 Emil Ekker, leigde ut elva og garden til britiske turistar.
  • 1937-1959 Johannes Sejersted Bødtker, kjøpte garden og dermed var «engelsktida» forbi.
  • 1960-1969 Thomas Olsen
  • 1969-notid Fred. Olsen Spedisjon

Bestyrarar/forpaktarar (1879-notid)[endre | endre wikiteksten]

  • 1879-? Ole Svendsen Fuglstad
  • Ukjend år Iver Johansen og Petter Eliassen
  • 1914-1937 Adolf Nilsen
  • 1937-1945 Kristian Røkke
  • 1945-1947 Erling Strand og Arne Skarstad
  • 1947-1951 Alf Halvorsen
  • 1951-1958 Arne Byre
  • 1958-1978 Hans Welde
  • 1978-1992 Åge Mathisen
  • 1992-1997 Arnt Heimstad
  • 1998-2003 Trond Heimstad
  • 2003-notid Jørn Bergerud

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Helgelands Blad 2001.07.11». Sandnessjøen. 20010711. s. 13. 
  2. 2,0 2,1 «Helgelands Blad 2012.05.18». Sandnessjøen. 2012-05-18. s. 5.