Horta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Horta eller Hortavær er eit fiskevær i Leka kommune i Trøndelag. Været ligg om lag 10 km nordvest for Leka og består av om lag 360 øyar, holmar og skjer. Mellom Horta og Leka ligg Hortafjorden.

Horta vart avfolka i 1967. I dag gjenstår det nokre bygg på hovudøyane Burøya (Ytterøya) og Vågøya (Innerøya). Staden var i sine glansdagar eitt av Ytre Namdal sitt største dunvær med over 2000 opparbeida reirplassar.

Horta er fredat etter naturvernlova som natur- og fuglereservat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]