Horten Ho 229

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
eit Horten Ho 229 vert restaurert ved Smithsonian Institution.
Modell

Horten Ho 229, ofte kalla Gotha Go 229, var eit av dei mest eksepsjonelle og avanserte flya utvikla under 2. verdskrig. Flyet vart utvikla av Tyskland, og prosjektet vart starta i 1942 av Gothaer Waggon-fabrik. Flyet var ei flygande venge, mykje lik det moderne B2, og var det fyrste i sitt slag i verda. Det hadde nokre av dei beste eigenskapane på fly til da innanfor fart og stigning. Den fyrste prototypen HO IX V1 vart bygd som eit glidefly, grunna at jetmotorane frå BMW ikkje passa, og vart testflogen tidleg på sumaren i 1944. HO IX V2 vart bygd med dei nye jetmotorane, 2 Jumo 004B-1 turbojetar med 1890 lb skuvekraft. Testflyginga gav eit resultat på 800 km/t, men etter 2 timar tok ein av motorane fyr. Tyskarane hadde ofte problem med brann i jetmotorane i jetfly under krigen, og flyet vart fullstendig øydelagt etter ein krasjlanding med berre ein motor på Oranienburg flyplass. Dei byrja samtidig med den fyrste serieproduksjonen på 20 utgåver av flyet, men prosjektet vart avslutta då amerikanske styrkar okkuperte fabrikken.

Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Type: einsetar jagar-bombar.
Motor: to Junkers Jumo 004C aksial-strøymings turbojetmotorar på 2200 lb skuvekraft kvar.
Utrustning: 4 30mm MK 103 maskinkanonar, og to bombar på 500 kg.
prestasjonar: maks fart ca. 950 km/t ved havnivå, ca. 1030 km/t i 7000 meters høgde, maks marsjfart ca. 895 km/t, klatring 4300 fot i minuttet, maks flugehøgde 17000 meter, normal rekkjevidd ca. 1900 km, maksimal rekkjevidd (med ein motor avslegen) ca. 4000 km.
Vekt og dimensjonar maks vekt:18700 lb, vengespenn ca. 18m , lengde ca. 8,2 m ,høgde ca. 3,1 m, vengeoverflate 540.348 kvadratfot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • William Green: «War planes of the second world war», FIGHTERS volume one, side 117-118, 1960.