Horyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horyn
elv
Land  Ukraina,  Belarus
Nedslagsfelt 22 700 km²
Lengd 659 km
Kjelde Ternopil oblast i Ukraina
Munning Pripjat
Kart
Horyn
52°08′37″N 27°16′58″E / 52.14366667°N 27.28263889°E / 52.14366667; 27.28263889
Wikimedia Commons: Horyn (river)

Horyn eller Haryn (belarusisk Гарынь, ukrainsk Горинь) er ei sideelv til Prypjat, som renn gjennom Ukraina og Belarus. Ho har ei lengd på 659 km, og eit nedslagsfelt på 22 700 km². På det breiaste er ho 80 meter og er 16 meter djup på det djupaste. Ei av dei viktigaste sideelvene til Horyn er Slutsj i Ukraina.

Horyn har sitt utspring i Ternopil oblast i Ukraina, sør for byen Kremenets, som ligg nord for det administrative senteret, Ternopil. Elva strøymer så nordover og dannar ei s-form gjennom provinsane Khmelnitskyj og Rivne i Ukraina. Elva renn så nordaustover og inn i Brest i Belarus, der ho til slutt renn ut i Prypjat.

Atomkraftverket Khmelnytskyj, som ligg nær byen Netisjyn, brukar vatn frå Horyn som kjølevatn.

Før elva vart fylt med forureing vart elva brukt til vatning og fiske. Eit forsøk på opprensing i september 1996 var eit steg mot ei reinare elv.[1]

Av byar og landsbyar som ligg ved elva finn ein: Izaslav, Slavuta, Netisjyn, Ostroh, Dubrovytsia i Ukraina, og Retsjytsia og Stolin i Belarus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ukrweekly.com, arkivert frå originalen 30. desember 2005, henta 9. februar 2007