Hosanger kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°34′37″N 5°28′27″E

Hosanger kyrkje
kyrkje
Hosanger kirke.jpg
Foto: Svein Harkestad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Åsane
Sokn Hosanger
Fellesråd Osterøy
Type Langkyrkje
Teknikk Mura
Innvigd 1796[1]
 - Endringar 1863–1865: forlenga mot vest
1962–64: restaurert og påbygd sakresti
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Frå mellomalderen, i kleberstein
Wikimedia Commons: Hosanger kirke

Hosanger kyrkje står i Hosanger i Osterøy kommune i Hordaland fylke, og er ei mura langkyrkje frå 1796.

Hosanger kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Hosanger kyrkje

Det har vore kyrkje i Hosanger sidan mellomalderen. Fyrste gongen Hosanger-kyrkja er nemnd i kjeldene er frå 1329. Dette var mest truleg ei stavkyrkje som på eit ukjent tidspunkt vart erstatta av ei lafta kyrkje. Om den andre kyrkja veit ein at ho ein rapport frå 1686 vert omtala som «meget Brøstfeldig» på grunn av dårleg utvendig vedlikehald, noko som tyder på at kyrkja då allereie var relativt gamal. På fyrste joledag 1795 slo lynet ned i kyrkja og ho brann ned. Den nye kyrkja vart reist i mur på same staden året etter.

Kyrkja er soknekyrkje i Hosanger sokn i Åsane prosti. Hosanger var tidlegare eige prestegjeld. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norges Kirker: «Hosanger kirke»». Henta 9. april 2014.  På nettstaden til NIKU og KA

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]