Hot Cakes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hot Cakes
Studioalbum av The Darkness
Språk engelsk
Utgjeve 20. august 2012
Innspelt 2011–2012
Sjanger Hardrock, glam metal, heavy metal
Lengd 40:39
Selskap Canary Dwarf, Play It Again Sam, Wind-up
Produsent Justin Hawkins, Dan Hawkins, Nick Brine
The Darkness-kronologi 
«One Way Ticket to Hell... and Back»
(2005)
Hot Cakes «Last of Our Kind»
(2015)


Singlar frå Hot Cakes
  1. «Nothing's Gonna Stop Us»
    Utgjeve: 1. februar 2012
  2. «Every Inch of You»
    Utgjeve: 25. mai 2012[1]
  3. «Everybody Have a Good Time»
    Utgjeve: 26. juni 2012[2]
  4. «With a Woman»
    Utgjeve: 2013
  5. «The Horn»
    Utgjeve: 25. november 2013

Hot Cakes er det tredje studioalbumet til det britiske rockebandet The Darkness, gjeve ut 20. august 2012 på Canary Dwarf Records.[3] Det var produsert av Nick Brine og bandmedlemmane Justin og Dan Hawkins og er det første albumet deira etter dei kom saman att i 2011. Det var òg det første med den opphavlege bassisten Frankie Poullain sidan debutplata Permission to Land i 2003. Det var òg det siste albumet med alle dei fire originale medlemmane, etter at Ed Graham slutta i 2014. Sjølv om albumet kom ut 20. august, var albumet tilgjengeleg for nedlasting på nettsida til Rolling Stone den 14. august.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 2011 kom The Darknes saman at etter at bandet vart lagt ned fem år tidlegare. Den opphavlege bassisten Poullain kom då attende til bandet og erstatta etterfølgjaren hans, Richie Edwards. Trommeslagaren i bandet, Ed Graham, sa: «Eg høyrde eit rykte om at Dan og Justin [Hawkins] faktisk skreiv songar i lag igjen og etter at eg ikkje hadde snakka til dei på æver, sende eg ein epost til dei. I utgangspunktet trudde eg at dei skulle kome saman att, men eg visste eigentleg ikkje at eg kom til å vera med. Så var Dan ein dag i London og han sa: «Ed, eg vil gjerne møta deg» og me berre tok ein drink og han sa: «me har skrive songar saman i fleire månader, og me har akkurat endeleg komme til eit stadium der me verkeleg vil ha dei originale fire personane, så er du interessert?» Noko som sjølvsagt var flott.»[5]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Det meste av albumet vart spelt inn heime hos gitaristen Dan Hawkins, Leeders Farm, i Norfolk. Trommeslagaren Ed Graham snakka om albumet samanlikna med dei to førre albuma deira, Permission to Land og One Way Ticket to Hell... and Back: «Eg trur at me alle føler at det andre Darkness-albumet er litt overprodusert og kanskje har gått seg vill nokre stader, litt. Eg trur me ønskte å gå tilbake til den forma me var i; me ønskte å laga noko som var meir som Permission to Land enn det andre albumet. Det er eit par songar på dette nye albumet som faktisk er veldig gamle songar som me spelte for ti år sidan då me først danna.»[5]

Songen «She Just a Girl, Eddie» vart skriven om eks-kjærasten til Graham. Før albumet kom ut sa Graham: «Justin har skrive ein song om ekskjærasten min, som er litt flaut. Han skreiv ein song kalla 'She Just a Girl Eddie' og det er særs opplagt om om brotet med eksen min. Han nemner ikkje namnet hennar, men eg liker å spela songen. Det er ein bra song. Eg snakkar ikkje med henne, så eg veit ikkje om ho har høyrt han eller ikkje. Eg er ikkje sikker på korleis ho ville føla det.»[5] Justin Hawkins sa om albumet «Hot Cakes har ein fin, rå kjensle slik det første albumet hadde, med stundom luksuriøse augneblink som det andre albumet hadde. Me er stolte av songane og kan ikkje venta til folk får høyra dei. Me har spelt mykje frå albumet på konsertane våre ei stund no. Kvar gong me speler ein ny song kjennes eit djupt og kraftig framstøyt i eit vanvitig kjærleiksritual mellom oss og fansen vår.» Albumet inneheld ein coverversjon av Radiohead-songen «Street Spirit (Fade Out)» og om dette sa Hawkins: «Me tok med ein Radiohead-cover fordi han hadde vore ein konsertfavoritt i lang tid, og me ønskte å gje ut vår definitive tolking.»[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic67/100[7]
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[8]
The A.V. ClubD+[9]
The Guardian4/5 stars[10]
The Independent on Sunday5/5 stars[11]
Mojo4/5 stars[7]
NME7/10[12]
Pitchfork Media5.2/10[13]
Popmatters3/10 stars[14]
Rolling Stone3/5 stars[15]
Uncut7/10[7]

Hot Cakes fekk generelt positiv omtale av kritikarane.[16] På nettsida Metacritic, som gjev ein vekta karakter opp til 100 basert på mainstream-kritikarar, har albumet ein score på 67/100, basert på 24 meldingar, som indikerer «generelt positive meldingar».[16]

Allmusic-skribenten Matt Collar skreiv ei positiv melding, og skreiv: «Kanskje ingen forventa at bandet nokon gong skulle matcha det svimlande karate-kick-suksessen Permission to Land, men comeback-albumet i gruppa, Hot Cakes, er definitivt verdig å kasta meir enn nokre få djevelhorn til bandet.»[8] NME uttalte: «Ikkje noko har endra seg, bortsett frå oppfatninga av dei. No er dei edrue, og ikkje i alles andlet heile tida, så me kan alle ta dei i godmodig, morosam and som dei alltid var meinte til.»[12] The Guardian roste comebacket deira, og uttalte: «Viss det første kapittelet i karrieren til The Darkness vart avslutta med ein glitrande oppgang og ei vanærande oppløysing, har tilbakekomsten deira vore ein meir undervurdert og målretta affære. [...] Hot Cakes bugnar av smittande melodiar, flammande sologitar og strittande riff, Justin Hawkins sin umiskjennelege falsett legg like mykje patos og dumskap til.»[10] The A.V. Club-skribenten Jason Heller gav albumet ei negativ melding, og sa: «Hot Cakes markerer punktet der The Darkness har slutta å kannibalisere gullalderen til stadionrock og ganske enkelt byrja å kannibalisere seg sjølv. Og trass i Hawkins sitt innbitne skrittgrep, var det aldri mykje kjøtt der til å byrja med.»[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Every Inch of You»Justin Hawkins, Dan Hawkins3:04
2.«Nothin's Gonna Stop Us»Justin Hawkins, Dan Hawkins, Chris McDougall2:45
3.«With a Woman»Justin Hawkins, Dan Hawkins, Frankie Poullain3:41
4.«Keep Me Hangin' On»Justin Hawkins, Dan Hawkins3:00
5.«Living Each Day Blind»Justin Hawkins, Dan Hawkins5:06
6.«Everybody Have a Good Time»Justin Hawkins, Dan Hawkins4:48
7.«She Just a Girl, Eddie»Justin Hawkins, Dan Hawkins3:46
8.«Forbidden Love»Justin Hawkins, Dan Hawkins, Frankie Poullain3:49
9.«Concrete»Justin Hawkins, Dan Hawkins, Frankie Poullain3:52
10.«Street Spirit (Fade Out)»Thom Yorke, Jonny Greenwood, Colin Greenwood, Ed O'Brien, Phil Selway3:07
11.«Love Is Not the Answer»Justin Hawkins, Dan Hawkins3:41
Bonusspor på luksusutgåva[17]
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«I Can't Believe It's Not Love» (akustisk demo)Justin Hawkins, Dan Hawkins3:43
13.«Love Is Not the Answer» (akustisk demo)Justin Hawkins, Dan Hawkins3:46
14.«Pat Pong Ladies» (demo mix)Justin Hawkins, Dan Hawkins, Frankie Poullain3:58
15.«Cannonball» (lang version) (med Ian Anderson)Justin Hawkins, Dan Hawkins, Frankie Poullain4:20
Luksusutgåve med bonussmateriale[3]
Nr.TittelLengd
16.«Nothing's Gonna Stop Us» (musikkvideo)3:02
17.«Everybody Have a Good Time» (musikkvideo)5:57
Bonusspor på Extra Hot Cakes Yuletide Edition[18]
Nr.TittelLengd
16.«The Horn»2:53
17.«Christmas Time (Don't Let the Bells End)»3:29
18.«Every Inch of You» (Live)3:19
19.«Black Shuck» (Live)3:31
20.«Get Your Hands off My Woman» (Live)3:46
21.«Everybody Have a Good Time» (Live)4:23
22.«Planning Permission» (Live)3:02
23.«With a Woman» (Live)3:41
24.«One Way Ticket» (Live)4:13
25.«Growing on Me» (Live)3:34
26.«I Believe in a Thing Called Love» (Live)4:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Darkness[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Nick Brine – produsent, lydteknikar
  • Justin Hawkins – produsent
  • Dan Hawkins – produsent
  • Bob Ezrin – miksing, produsent (1)
  • Justin Courtelyou – miksing
  • Joshua Tyrell – innspelingsassistent
  • Owen Morgan – innspelingsassistent
  • Greg Calbi – mastering

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

  • Diego Gravinese – plateomslag, fotograf, digitalt arbeid, oljemåleri på lerret
  • Thom Lessner – kunstnarisk leiar, konsept
  • Rob Chenery på Tourist i London – design, kunstnarisk leiar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2012–13) Plassering
Australsk ARIA Albums Chart[20] 15
Den austerrikske albumlista[21] 24
Den belgiske albumlista (Flandern)[22] 124
Den belgiske albumlista (Vallonia)[23] 67
Den nederlandske albumlista[24] 94
Den franske albumlista[25] 107
Den tyske albumlista[26] 16
Irish Albums Chart[27] 14
Den italienske albumlista[28] 15
Den japanske albumlista[26] 15
Den spanske albumlista[29] 51
Den svenske albumlista[30] 30
Den sveitsiske albumlista[31] 20
UK Albums Chart[32] 4
UK Rock Chart[26] 1
US Billboard 200[33] 43
US Billboard Hard Rock Albums Chart[33] 2
US Billboard Rock Albums Chart[33] 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «iTunes Music - Every Inch of You - Single by The Darkness». iTunes Store. 25. mai 2012. Henta 11. mai 2022. 
  2. E&E. «:: The Darkness | Hot Cakes ::». Theactualdarkness.com. Henta 11. mai 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Hot Cakes (Deluxe Version) by The Darkness». iTunes Store. Henta 11. mai 2022. 
  4. Zach Schonfeld. «Album Premiere: The Darkness, 'Hot Cakes'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. oktober 2017. Henta 11. mai 2022. 
  5. 5,0 5,1 5,2 DeLaine, Kristy. «The Darkness Interview - Caught in the Mosh». caughtinthemosh.com. Henta 11. mai 2022. 
  6. «The Darkness announce full details of new album 'Hot Cakes'». NME. Henta 11. mai 2022. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Hot Cakes Reviews, Ratings, Credits and More at Metacritic». Metacritic. Henta 11. mai 2022. 
  8. 8,0 8,1 Collar, Matt. «Hot Cakes - The Darkness | Allmusic». AllMusic. Henta 11. mai 2022. 
  9. 9,0 9,1 Heller, Jason. «The Darkness: Hot Cakes | The A.V. Club». avclub.com. Henta 11. mai 2022. 
  10. 10,0 10,1 Lawson, Dom (16. august 2012). «The Darkness: Hot Cakes». The Guardian (London). Henta 11. mai 2022. 
  11. Price, Simon (19. august 2012). «Album: The Darkness, Hot Cakes (Pias)». The Independent on Sunday. Henta 10. mai 2022. 
  12. 12,0 12,1 MacBain, Hamish. «The Darkness - Hot Cakes | NME». NME. Henta 11. mai 2022. 
  13. Berman, Stuart (16. august 2012). «The Darkness: Hot Cakes». Henta 10. mai 2022. 
  14. Ezell, Brice (23. august 2012). «The Darkness: Hot Cakes». PopMatters. Henta 10. mai 2022. 
  15. Eddy, Chuck. «Hot Cakes | Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. august 2012. Henta 11. mai 2022. 
  16. 16,0 16,1 «The Darkness Reviews, Ratings, Credits, and More at Metacritic». Metacritic. Henta 11. mai 2022. 
  17. «Darkness: Hot Cakes: Digipack (2012): CD». hmv.com. Henta 11. mai 2022. 
  18. «iTunes Music - Extra Hot Cakes Yuletide Edition by The Darkness». iTunes Store. Henta 11. mai 2022. 
  19. «Ian Anderson - Interview Exclusive». Uberrock.co.uk. 26. februar 2012. Arkivert frå originalen 28. september 2019. Henta 11. mai 2022. 
  20. Steffen Hung. «Discography The Darkness». australian-charts.com. Arkivert frå originalen 15. november 2013. Henta 11. mai 2022. 
  21. Steffen Hung. «The Darkness - Hot Cakes». austriancharts.at. Henta 11. mai 2022. 
  22. «The Darkness - Hot Cakes». ultratop.be. 21. november 2012. Henta 11. mai 2022. 
  23. «The Darkness - Hot Cakes». ultratop.be. Henta 11. mai 2022. 
  24. Steffen Hung. «The Darkness - Hot Cakes». dutchcharts.nl. Henta 11. mai 2022. 
  25. Steffen Hung. «The Darkness - Hot Cakes». lescharts.com. Henta 11. mai 2022. 
  26. 26,0 26,1 26,2 «Thank you! Hot Cakes charts worldwide. – The Darkness». Theactualdarkness.com. 28. august 2012. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 11. mai 2022. 
  27. Steffen Hung (21. november 2012). «The Darkness - Hot Cakes». irishcharts.com. Henta 11. mai 2022. 
  28. «FIMI - Federazione Industria Musicale Italiana - Classifiche». Fimi.it. Arkivert frå originalen 2. desember 2011. Henta 11. mai 2022. 
  29. Steffen Hung. «The Darkness - Hot Cakes». spanishcharts.com. Henta 11. mai 2022. 
  30. Steffen Hung. «The Darkness - Hot Cakes». swedishcharts.com. Henta 11. mai 2022. 
  31. Steffen Hung (21. november 2012). «The Darkness - Hot Cakes». swisscharts.com. Henta 11. mai 2022. 
  32. «Official Charts Company - The Darkness». Archive.is. Henta 11. mai 2022. 
  33. 33,0 33,1 33,2 https://www.billboard.com/music/the-darkness/chart-history/