Hot Streets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hot Streets
Studioalbum av Chicago
Utgjeve 2. oktober 1978
Innspelt Mai-juni 1978 i Criteria Studios i Miami i The Record Plant i Los Angeles og A&R Recording i New York City[1]
Sjanger Rock; jazzrock; disco
Lengd 41:53
Selskap Columbia
Produsent Phil Ramone and Chicago
Chicago-kronologi
Chicago XI
(1977)
Hot Streets Chicago 13
(1979)
Singlar frå Hot Streets
  1. «Alive Again»
    Utgjeve: oktober 1978
  2. «No Tell Lover»
    Utgjeve: desember 1978
  3. «Gone Long Gone»
    Utgjeve: mars 1979
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Hot Streets er det tiande studioalbumet (det tolvte totalt) av det amerikanske bandet Chicago, gjeve ut i 1978. På mange måtar markerte Hot Streets byrjinga på ein ny æra for bandet. Dei byrja å spele disco, noko som vart håna i ettertid, det var det første albumet deira utan den tidlegare gitaristen Terry Kath, det første albumet utan den faste produsenten James William Guercio og det første albumet sidan det andre albumet som ikkje hadde ein tittel med romartal.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha arbeidd med James William Guercio sidan debutplata i 1969, valte Chicago å avslutte samarbeidet etter Chicago XI i 1977. Ei større endring for gruppa var derimot dødsfallet til gitaristen Terry Kath i januar 1978, som på uheldig vis skaut seg sjølv under ein fest. Dei andre medlemmane var ute av seg etter dødsfallet hans og vurderte å legge ned bandet. Kath var ein av nøkkelpersonane som definerte stilen til bandet, og var ikkje enkel å erstatte. Etter det første sjokket gav seg, valte bandet å fortsette.

Phil Ramone, som hadde miksa somme av dei tidlegare albuma, vart bede om å vere med som medprodusent. Men før Chicago kunne byrje innspelinga måtte dei finne ein ny gitarist. Dei valte den dugande gitaristen Donnie Dacus, som tok med seg sin eigne særeigne stil til gruppa. Før han vart med i Chicago, hadde Dacus arbeidd med både Roger McGuinn og Stephen Stills.

Innspelinga fann stad i både Miami og Los Angeles våren 1978, etter at bandet i fleire år hadde spelt inn musikk i Guercio sin Caribou Ranch i Colorado. Mot slutten av innspelingane, følte bandet at dei framleis hadde noko musikalsk sterkt å by på etter tapet av Kath. Bee Gees spelte inn albumet Spirits Having Flown i studioet ved sidan av i Miami, og dei hadde med seg Bee Gees og klaverspelaren deira Blue Weaver på somme spor. Gibb-brørne song vokal på songen «Little Miss Lovin'», medan Weaver la synth-strykarar på «No Tell Lover» og «Show Me The Way». Blåserekkja til Chicago spelte til gjengjeld på Spirits Having Flown, mellom anna på hitsingelen «Too Much Heaven».

For å markere ein ny start, gav bandet albumet ein tradisjonell tittel i staden for eit nummer. Dei valte tittelen Hot Streets, og på plateomslaget kunne ein for første gongen sjå eit bilete av bandet, staden for berre logoen til gruppa. Då ein marknadsundersøking seinare synte at kjøparane venta å sjå logoen på omslaget, var Chicago-logoen attende for det neste albumet, Chicago 13.[treng kjelde]

Albumet kom ut i oktober 1978 i samband med den første singelen, «Alive Again». Hot Streets vart ein ny hit for gruppa, som hadde vore uroa om publikum ville godta dei utan Kath. Sjølv om albumet selde til platina, og Chicago fekk ein ny hitt på topp 20 med «No Tell Lover», var Hot Streets det første Chicago-albumet sidan debutplata, som ikkje nådde topp 10 i USA, men stoppa på ein 12. plass.

Etter utgjevinga av Chicago 13 og mot slutten av juleturneen deira i 1979, slutta Dacus i gruppa.

I 2003 vart Hot Streets remastra og gjeve ut på ny av Rhino Records med ein alternativ versjon av Lamm sin «Love Was New» sungen av Dacus, som bonusspor.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
1. «Alive Again»  PankowCetera 4:08
2. «The Greatest Love on jorda»  Seraphine/David «Hawk» WolinskiCetera 3:18
3. «Little Miss Lovin'»  CeteraCetera (featuring The Bee Gees) 4:36
4. «Hot Streets»  LammLamm 5:20
5. «Take a Chance»  Loughnane/Lawrence «Stash» WagnerDacus 4:42
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
6. «Gone Long Gone»  CeteraCetera 4:00
7. «Ain't It Time»  Dacus/Seraphine/Warner SchwebkeDacus, with Cetera 4:12
8. «Love Was New»  LammLamm 3:30
9. «No Tell Lover»  Cetera/Loughnane/SeraphineCetera, with Dacus 4:13
10. «Show Me the Way»  Seraphine/WolinskiLamm 3:36
Bonusspor 2003-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar)vokal Lengd
11. «Love Was New» (Alternate Vocal)LammDacus 3:32

Bandet[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av Phil Ramone og Chicago
  • Medprodusent – Carol Peters
  • Lydteknikar: Jim Boyer, Don Gehman og Lee DeCarlo
  • Assiternade lydteknikar – Peter Lewis, Dave Martone og Kevin Ryan
  • Miksa av Jim Boyer og Phil Ramone
  • Mastra av Ted Jensen ved Sterling Sound (New York, NY)
  • Fotografi og design – Norman Seeff
  • Logo – Nick Fasciano

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1978 Pop Album 12

Singlar - Billboard (Nord-Amerika)

År Single Liste Plassering
1978 Alive Again Pop Singles 14
1979 No Tell Lover Pop Singles 14
1979 Gone Long Gone Pop Singles 73
1979 No Tell Lover Adult Contemporary 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]