Hot cross bun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hot cross buns med kross av lys deig.

Hot cross bun er ein krydra bolle kjenneteikna av ein kross på oversida. Bollen er knytt til påske, særleg langfredag, i Storbritannia og land i det britiske samveldet, som Australia, Canada, India, New Zealand og Sør-Afrika.

Hot cross buns med kross av glasur.

Hot cross bun er ein søt kveitebolle laga med krydder som kanel, kardemomme, muskat, ingefær og allehande. Han inneheld typisk rosiner eller korintar og ofte også tørka fruktbitar, som apsikat. Krossen kan lagast av lys deig eller glasur. I eldre oppskrifter blir han ganske enkelt skoren ut i deigen.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til barnerimet «Hot Cross Buns».

I England kan skikken med å eta krydra bakverk med ein kross på førast tilbake til 1300-talet. Det er dokumentert at ein munk ved St Albans Abbey i London, Thomas Rocliffe, fekk bakt «små, søte, krydra kaker merka med ein kross» som blei delte ut ved kyrkjedøra på langfredag i 1361.[2] Bollane som blir selde ved St Albans i dag blir kalla Alban buns og er bakte etter ei hemmeleg oppskrift.[3]

I tudortida blei brød og bollar med krydder og frukt svært populære. Under Elisabet I blei det lagt ned forbod for bakarar mot å selja krydra bollar, brød, kaker eller kjeks bortsett frå til gravferder, jul eller langfredag. Eit liknande forbod under Jakob I viste seg å vera fånyttes. I den georgianske tida blei Chelsea Bun House ein populær utsalsstad for bollar, mellom anna vitja av dei kongelege. Chelsea Bun House selde mellom anna hot cross buns, særleg på langfredagen, då store folkemengder samala seg rundt huset og kjøpte bollar frå vindauga. Den siste gongen staden hadde langfredagsutsal, i 1839, blei det seld oppimot ein kvart million bollar.[4]

Reklame for hot cross buns på langfredag i ei hawaiisk avis frå 1884.

Den første kjende gongen omgrepet hot cross buns er brukt er i Poor Robin's Almanack frå 1733: Good Friday comes this month, the old woman runs, with one or two a penny hot cross buns.[5] Ein annan variant av dette verset, opphavleg brukt av gateseljarar, er i dag eit kjend barnerim, «Hot Cross Buns». Bakverket blei også omtalt som cross bun, utan hot, men sidan bollane gjerne blei selde varme blei dette ein fast del av namnet i løpet av 1800-talet.

Hot cross buns er blitt populære i store delar av den engelsktalande verda, og blir ikkje berre etne rundt påske. Nokre stader blir dei etne året rundt.[6] I Australia og New Zealand kan dei vera i sal frå jul[7] eller første nyttårsdag av.[8]

Tru og tyding[endre | endre wikiteksten]

Bollen blir tillagt ulike former for symbolikk. Krossen på toppen blir ikkje uventa likna med den kristne krossen. Kryddera kan liknast med dei som blei brukt til å svøpa Jesus då han blei gravlagd. Den søte frukta kan symbolisera slutten på fastetida, der ein tradisjonelt har ete enkel mat.[9][10]

I engelsk folketru er det knytt mange tradisjonar til hot cross buns. Mellom anna skal ein slik bolle som er baka på langfredag ikkje bli dårleg i heile det følgjande året. Ein slike bolle skulle også kunna hjelpa sjuke.[11] Ein langfredagsbolle hengd opp i eit kjøkken skulle verna mot brann og gjera slik at alle brød heva. Teken med på eit skip skulle han hindra forlis.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cassell's Dictionary of Cookery with Numerous Illustrations [Cassell, Petter, Galpin & Co.:London] 1875 ved http://www.foodtimeline.org/easter.html
  2. Mary Berry's Easter Feast, Episode 1, BBC Two, 15. mars 2016 
  3. https://www.stalbanscathedral.org/news/archive/2014/the-city-of-st-albans-claims-the-original-hot-cross-bun
  4. George Bryan (1869), «The Original Chelsea Bunhouse», Chelsea, in the Olden & Present Times, London, s. 200–202 
  5. Ayto, John. «hot cross bun.» The Diner’s Dictionary. : Oxford University Press, 2012. Oxford Reference. 2013. Date Accessed 24 Mar. 2016 http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780199640249.001.0001/acref-9780199640249-e-623
  6. Rohrer, Finlo (1 April 2010). «BBC - How did hot cross buns become two a penny?». BBC News. Henta 26 April 2014. 
  7. Dodd, Kate (3 January 2014). «Easter's come early: hot cross buns already on shelves». The Toowoomba Chronicle. Henta 30 April 2014. 
  8. «Hot Cross Buns on sale already». au.tv.yahoo.com. 4 January 2012. Henta 28 December 2013. 
  9. Turner, Ina; Taylor, Ina (1999). Christianity. Nelson Thornes. s. 50. ISBN 9780748740871. To mark the end of the Lent fast Christians eat hot cross buns. These have a special meaning. The cross in the middle shows how Jesus died. Spices inside remind Christians of the spices put on the body of Jesus. Sweet fruits in the bun show that Christians no longer have to eat plain foods. 
  10. Fakes, Dennis R. (1 January 1994). Exploring Our Lutheran Liturgy. CSS Publishing. s. 33. ISBN 9781556735967. Since people often gave up meat during Lent, bread became one of the staples of Lent. Bakers even began making dough pretzels--a knotted length of dough that represented a Chrsitian praying, with arms crossed and hands placed on opposite shoulders. Hot cross buns are popular during Lent. The cross of course reminds the eater of Christ's cross. 
  11. 11,0 11,1 «Hot Cross Buns». Practically Edible: The Web's Biggest Food Encyclopedia. Practically Edible. Henta 9 March 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]