Hotbed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hotbed
Studioalbum av Isaac Hayes
Utgjeve 1978
Sjanger Funk, soul
Lengd 34:09
Selskap Stax Records
Produsent Isaac Hayes
Isaac Hayes-kronologi 
For the Sake of Love
(1978)
Hotbed Don't Let Go
(1979)


Hotbed er ei samling av songar av Isaac Hayes, gjeven ut i 1978 av Stax Records. I 1974 vart Hayes frigjeven frå plate- og produksjonskontrakten han hadde med Stax. Han gav då ut albumet Chocolate Chip i 1975 på det nyoppretta selskapet Hot Buttered Soul, som han eigde sjølv, gjennom ABC Records. Samstundes valde hovudkvarteret i Stax å gje ut ei samling skrinlagde og stort sett ikkje-tidlegare utgjevne songar, truleg spelt inn tidleg i 1970-åra, kort tid før dei vart tvinga til å slå seg konkurs. Dette albumet fekk namnet Use Me. I 1978 tok Fantasy Records, som hadde kjøpt ut Stax, fire av dei fem songane frå Use Me albumet. Dei erstatta songen «Good Love 6-9969» med ein tidlegare uutgjeven instrumental kalla «Hobosac and Me». Medan Use Me sjeldan er å sjå i offisielle diskografiar av Isaac Hayes, er Hotbed som regel til stades. Songane på Hotbed har blitt noko remiksa, men det er ingen store skilnader mellom desse to.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Use Me»5:49
2.«I'm Gonna Have to Tell Her»4:07
3.«The Ten Commandments of Love»6:02
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Feel Like Making Love»13:36
5.«Hobosac and Me»4:39

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Isaac Hayes - vokal, klaverinstrument
  • Lester Snell - klaverinstrument
  • Sammy Watts, Charles Pitts - gitar
  • Sidney Kirk - klaverinstrument
  • Errol Thomas, William Murphy - bass
  • Jimmy Lee Thompson - congatrommer
  • Willie Cole, Gary Jones - perkusjon
  • Memphis Horns and String

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

  • «Use Me»[1]
    • «When I See You Smile» (Deadly Avenger Remix) av Aldo Vanucci (2007)
  • «I'm Gonna Have to Tell Her»[2]
    • «Mirror Sky» av Salute Da Kidd (2015)
  • «The Ten Commandments of Love»[3]
    • «You Wanna» av 9th Wonder med N.B.S. (2007)
  • «Feel Like Makin' Love»[4]
    • «Sto Già Pensando a Te» av Fritz Da Cat, Left Side og Sab Sista (1998)
    • «Intro» av Spax (1998)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]