Hotel Mundal

Koordinatar: 61°24′25.754″N 6°44′23.633″E / 61.40715389°N 6.73989806°E / 61.40715389; 6.73989806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°24′25.754″N 6°44′23.633″E / 61.40715389°N 6.73989806°E / 61.40715389; 6.73989806

Hotel Mundal i 2007.
Foto: Vegarutend
Hotel Mundal rundt år 1900.

Hotel Mundal ligg i bygda Mundal ved Fjærlandsfjorden i Sogn og Fjordane. Dagens bygning i drake- og sveitsarstil er teikna av Peter Andreas Blix.

Breførar Mikkel Mundal og systra Brita dreiv Mundals Gjestgiveri i Fjærland nokre år tidlegare. Mundal og systra, mann hennar Olaus Dahle, samt Per og Johannes Mundal engasjerte Blix til å teikne hotellet som stod ferdig i 1891.

Hotel Mundal var familiedrive frå starten i 1891 og til nokre år ut på 2000-talet.

Hotel Mundal er tildelt Olavsrosa.

I desember 2022 vart arkivet etter Hotel Mundal teke opp som del av Noregs dokumentarv. Arkivet var eitt av ni arkiv som vert teke opp i registeret i 2022, og det første hotellarkivet nokon gong. Arkivet vert bevart av Fylkesarkivet i Vestland, ein del av Vestland fylkeskommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]