Bondeheimen

Koordinatar: 59°54′52.718″N 10°44′23.748″E / 59.91464389°N 10.73993000°E / 59.91464389; 10.73993000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hotell Bondeheimen)

59°54′52.718″N 10°44′23.748″E / 59.91464389°N 10.73993000°E / 59.91464389; 10.73993000

Bondeheimen

Kart
Bondeheimen
59°54′53″N 10°44′24″E / 59.91464389°N 10.73993°E / 59.91464389; 10.73993

Hotell Bondeheimen er eit hotell i Oslo som er eigd av Bondeungdomslaget i Oslo gjennom Bøndenes Hus AS. Bygningen vart reist under namnet Bøndernes Hus i 1913 med Carl Berner og Jørgen Berner som arkitektar, og har adressa Rosenkrantz' gate 8, men med hovudfasaden mot Kristian IVs gate. Heimen Husflid har sitt butikklokale i bygningen.

Hotell Bondeheimen (Bøndernes Hus) i Rosenkrantz' gate 8 i Oslo.

I første etasje ligg hotellet sin restaurant, Kaffistova, som er populær fordi det vert servert god og tradisjonell norsk mat. Tidlegare hadde Bondeungdomslaget fleire kaffistover, Torgstova i Karl Johans gate ved Stortorget, Parkstova i Kristian Augusts gate og fleire. Drifta av hotellet og kaffistovene har sidan Bøndenes Hus stod ferdig i 1913 vore viktig for økonomien til Bondeungdomslaget i Oslo. No har hotellet om lag 135 rom og blant det høgaste belegget i Oslo. Hotellet er med i salskjeda Best Western.

Også i andre byer har det vore hotell med namnet «Bondeheimen», mellom dei Tromsø, Arendal, Grimstad, Stavanger, Lyngdal, Flekkefjord, Kristiansand, Mandal og Notodden m. fl. Alle desse verksemdene var etablert og drivne av lokallag eller fylkeslag i Noregs Ungdomslag og/eller Noregs Mållag under samlebegrepet «lagsbruk» (økonomisk verksemd driven av eit lag/ein organisasjon).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]