Fawlty Towers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hotell i særklasse)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fawlty Towers
Sjangersituasjonskomedie
Sesongar2
Episodar12
Språkengelsk
ProdusentJohn Howard Davies, Douglas Argent
ManusJohn Cleese
RegiJohn Howard Davies, Bob Spiers

Fawlty Towers (kalla Hotell i særklasse på norsk) er ein britisk fjernsynsserie laga av BBC, om det fiktive hotellet Fawlty Towers i Torquay i Devon på den engelske sørkysten. Hotellet er eigd og drive av den eksentriske Basil Fawlty og kona hans Sybil, stovepika Polly og den spanske kelnaren Manuel. Faste hotellgjestar er den halvsenile major Gowen og dei eldre frøknane Miss Tibbs og Miss Gatsby.

Handlinga er farseprega og full av tilfeldige samantreff og misforståingar. Det berande elementet er Basil Fawlty sin eksentrisitet og det særeigne kroppsspråket hans.

Serien er sendt på NRK i fleire omgangar.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Manuskripta vart skrivne av John Cleese og Connie Booth, som var gifte då den fyrste serien vart innspelt 1975. Då den andre programserien vart spelt inn i 1979, hadde Cleese og Booth skilt lag etter 10 års ekteskap.

Programma vart produserte og regisserte av John Howard Davies, Douglas Argent og/eller Bob Spiers.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gleneagles Hotel i Torquay, som inspirerte serien.

John Cleese henta inspirasjon til Fawlty TowersMonty Python-gjengen budde på Gleneagles Hotel i Torquay. John og Connie budde på hotellet etter at opptaka til det fyrste Monty Python-showet var avslutta.

Liste over episodane[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste episoden vart vist på BBC 2 19. september 1975. Episodane i den fyrste serien:

  1. «A Touch of Class»
  2. «The Builders»
  3. «The Wedding Party»
  4. «The Hotel Inspectors»
  5. «Gourmet Night»
  6. «The Germans»

Samtlege seks episodar vart regissert av John Howard Davies.

Den andre serien vart sende tre og eit halvt år seinare. Episodane var:

  1. «Communication Problems»
  2. «The Psychiatrist»
  3. «Waldorf Salad»
  4. «The Kipper and the Corpse»
  5. «The Anniversary»
  6. «Basil the Rat»

Desse seks episodane vart regissert av Bob Spiers.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]