Hotep Idris Galeta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hotep Idris Galeta
Fil:Hotep Idris Galeta.jpg
Fødd7. juni 1941(1941-06-07)
FødestadCrawford i Cape Town i Sør-Afrika
Død3. november 2010 (69 år)
DødsstadJohannesburg i Sør-Afrika
FødenamnCecil Galeta
OpphavSør-Afrika
Aktiv1955–2010
SjangerSørafrikansk jazz, bebop, postbop, folk
InstrumentPiano
Tilknytte artistarHerb Alpert, John Handy, Bobby Hutcherson, Elvin Jones, Hugh Masekela, Jackie McLean, Mario Pavone, Joshua Redman, Archie Shepp, Caiphus Semenya
Verka somPianist, komponist, bandleiar

Hotep Idris Galeta (7. juni 19413. november 2010)[1] var ein sørafrikansk jazzpianist og lærar. Fødenamnet hans var Cecil Galeta, men etter ein lokal skikk vart han i barndommen og som ung mann kalla Cecil Barnard, der fornamnet til faren vart nytta som etternamn.

Etter å ha spelt med somme av dei beste jazzmusikarane i Sør-Afrika i tenåra, drog han i 1961 til Storbritannia som følgje av apartheid. Seinare drog han til USA der han spelte med Herb Alpert, John Handy, Bobby Hutcherson, Elvin Jones, Hugh Masekela, Jackie McLean, Mario Pavone, Joshua Redman og Archie Shepp. Utafor jazz spelte han òg med David Crosby og The Byrds. Etter apartheid kollapsa drog han attende til Sør-Afrika i 1991, der han mellom anna arbeidde som lærar.[2]

Galeta døydde i 2010 etter eit astmaanfall.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med John Handy

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brubeck, Darius (2002). «Galeta, Hotep Idris». I Barry Kernfeld. The new Grove dictionary of jazz, vol. 2 (2nd utg.). New York: Grove's Dictionaries Inc. s. 5–6. ISBN 1561592846. 
  2. «Galeta, Hotep Idris (South Africa)». music.org.za. Henta 2010-10-31. 
  3. «Hotep - Heading Home». Discogs.com. 
  4. «Malay Tone Poem». Amazon.com.