Hovdebygda IL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hovdebygda Idrottslag er namnet på idrettslaget i bygda Hovdebygda i Ørsta kommune. Idrettslaget vart skipa i 1915 etter initiativ frå Ivar J. Aasen.

Per 2021 er det langrenn og fotball som er hovudidrettane i laget. Tidlegare var det både handball, orientering og skeiser på høgt nivå.

Anlegga i bygda består av Idrottsplassen som har to store kunstgrasbaner, ei lita grusbane. Ved anlegget er det eit klubbhus med garderobar, kiosk og møtelokale. I seinare tid har namnet «Gullhøna» blitt brukt på anlegget.

Ved Hovden skule ligg det ei lysløype på 2,5 km som har blitt brukt som ein rekrutteringsarena for langrennslauparane både til barmark og skigåing. Der blir det årleg arrangert mindre barnerenn på ski. Løypa kan forlengast med ei sløyfe på om lag 10 km ved gode snøtilhøve. Dagens skitrening går stort sett føre seg på Bondalseidet og løypa ved skulen er for det meste ikkje lengre i bruk.

Bygda har fostra fleire idrettstalent, det mest kjende er Erlend Slokvik, som hevda seg både nasjonalt og internasjonalt i orientering og skiorientering, og som sidan har blitt kjend som trenar og leiar innan friidrett og skiskyting.

Viktige hendingar det siste tiåret er:

  • Hovdebygda A-lag i fotball i 3. divisjon 2001
  • Ingvild Øye nr. 1 i Midt-Norsk Meisterskap 2008


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]