Hove kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hove kyrkje | |
Hove Church | |
Foto: Per Magne Kjøde
| |
Periode | Romansk |
---|---|
Teknikk | Mur |
Material | Stein |
Tårn | Vesttårn |
Portal | Vestportal fornya av Blix romansk/gotisk |
Skip | Einskipa |
Altar | Relikviealter frå mellomalderen av murt stein |
Diverse | Krusifiks frå 1880–åra over koropninga. Glasmåleri i korveggen, Kristus i midten flankert av David og Moses |
Wikimedia Commons: Hove Church | |
Hove kyrkje står i utkanten av Vikøyri i Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kyrkja er bygd i stein på slutten av 1100-talet. Ikkje langt frå kyrkja ligg Hopperstad stavkyrkje. Frå 1877 var den nye Vik kyrkje soknekyrkje i Vik. Arkitekt Peter Andreas Blix (1831-1901) organiserte restaurering av kyrkja, og ligg gravlagd under kyrkjegolvet.
Hove kyrkje og Hove kyrkjegard er automatisk freda som kulturminne frå mellomalderen. I 2005 freda Riksantikvaren mellombels eit område kring kyrkja. Bønder i området har planar om bygging av eit samdriftsfjøs i området. I september 2005 kom Riksantikvaren med ei uttale om at dei meiner bygging av eit slikt fjøs strir mot vernereglane.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Områdefreding ved Hove kyrkje på nettstaden til Riksantikvaren
- NRK fylkesleksikon om Hove kyrkje
- Om fellesfjøs og områdefreding på nettstaden til Riksantikvaren
- Om Hove kyrkje på nettstaden til Fortidsminneforeninga
- Vis Hove kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.