Hovet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°37′20″ N 8°9′11″ E Hovet (lokalt kalla Høvet) er ei bygd i Austre Hol, aust for Hallingskarvet i Hol kommune. Hovet er eige sokn og skolekrins, og er eit gamalt jordbruksområde, der det har vore mykje fedrift og storfehald. Målføret i Hovet er halling. Hovsfjorden ligg aust (sør) i Hovet. Frå gamalt av er austre delen av Hovet omtalt som sør, mens den vestre delen er omtalt som nord.

Hovet har namnet sitt etter eit gamalt gudehov, og Lars Reinton reknar det som sannsynleg at noko av den eldste busetnaden i Hol er knytt til denne kultstaden. Om Hovet ein gong var hovudgard i bygda, er denne garden for lengst borte, men nemninga Hovvaldet lever att som nemning på den sentrale gardskrinsen i bygda.

Geografisk vert Hovet rekna frå Kvammen der det er ei innsnevring i dalen mellom Hovet og Holet. Der dalen snevrar seg inn att, går Hovet naturleg over i Sudndalen. Vidare inn med Strandevatn ligg Raggsteindalen. Den gamle ferdslevegen over fjellet til Aurlandsdalen gjekk gjennom bygda. Før Bergensbanen vart lagt, var dette rekna som hovuddalføret i øvre Hallingdal.

Folk frå Hovet vert kalla høveringar.

Fotogalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hovet
Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.