An-Magritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hovistuten)

An-Magritt er namnet på ein norsk romanfigur og på ein norsk film og eit norsk musikkspel. Ho er hovudpersonen i Johan Falkberget sitt firebindsverk Nattens brød (1940-1959). Arne Skouen laga filmen i 1969. Han bygde på fyrste bandet, og gav filmen namn etter boka.

Handling[endre | endre wikiteksten]

I fyrste bandet av romanverket, og i filmen, veks An-Magritt opp saman med bestefaren Kiempen av di den ugifte mor hennar hoppa i fossen dagen før mora skulle stå gapestokkHov i Ålen. An-Magritt og køyreoksen Hovistuten køyrer malm frå gruvene rundt Røros og ned til Tamlaget smeltehytte ved Gaula. Ho vert folket sin leiar i hard arbeidskonflikt, og opplever kjærleiken saman med den tyske fagarbeidaren Johannes konstknekt. I dei tre siste banda i syklusen held An-Magritt fram som folket sin leiande personlegdom, dyrkar korn på skrinne Kiempeplassen. Dei gamle odelsbønder vert forarma av den nye kapitalisme, og An-Magritt overtek på deira vegner til slutt sjølve Hov.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Brytninga mellom gamalt og nytt i roman og film gjenspeglar norsk sosialdemokrati på sitt ypparste, ført i pennen av ein kristen sosialist, med breiast mogleg utsyn og med kvintessensen på slutten av siste bandet, Kjærlighets veier, der An-Magritt langsmed ferdavegen møter ein tiggar, gjev han ein brødskalk. Tiggaren takkar: «Hun vendte ansiktet glad og lykkelig mot ham og smilte. Da så hun naglegapene i hendene hans - det var Ham.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]