Hovland i Ullensvang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovland
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5773 HOVLAND
Preposisjon Hovland

Hovland er ei grend på austsida av Sørfjorden i Ullensvang.

Hovland er ei fruktbygd. Ungane herifrå går på skule på Sekse Oppvekstsenter.

På Hovland ligg også produksjonslokala for flaskevatnet Isklar. Vatnet vert tappa frå Folgefonna og sendt under Sørfjorden ved hjelp av undersjøiske røyr, før det renn inn i Isklar-lokala. Isklar vart fyrst berre produsert for den britiske marknaden, men vert no òg selt i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]