Hopp til innhald

Hovland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hovland kyrkje stod ved gardane Hovland vestre og østre (gnr. 60 og 62) i Lunner kommune kommune i Akershus fylke. Allereie på 1500-tallet var kyrkja ute av bruk: I Povel Huitfeldt si stiftsbok [1] vert det fortald at kyrkjegodset er lagt under Lunner kyrkje og inventaret overført til Hamar domkyrkje. Jens Nilssøn[2] (1594) stadfestar at «der giøris ingen tieniste.» Så seint som i 1822 melder Jens Kraft[3] at det finst restar etter kyrkja.

  1. Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 190. 
  2. Yngvar Nielsen (1885), red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 282. 
  3. Jens Kraft (1822). Topographisk-statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge. D. 2 : Det søndenfjeldske Norge. Christiania. s. 216.