Hovstad på Fitjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovstad
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fitjar
Gardnummer 50

Hovstad, Hovstø eller Hogste er ein gard sentralt i Fitjar kommune, på vestsida av det sørlege Storavatnet. I vest ligg Engesundsleia, i nord Helland og i sør Tislavoll og Storevik.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden er truleg ein av dei eldste på Fitjar. På Tytehaugen mot Storavatnet ligg restar av ein gravhaug som måler ni meter i diameter. Her er det funne bein. Ein har funne spyd, øks, pil og saumlo i ei utbrend mannsgrav på Bjødnaneset. Det er elles funne flintstein og ti steinøkser. Gravhaugane vitnar om at busetnaden er gammal.

Brukarane hadde naust på grunnen til Helland ved Kuarvågen og Hellandsjøen. Dei hadde òg fiskestove i Brandasund. Garden hadde seter på Sætrafjellet til kring 1880 åra.

Den første eigaren ein veit om var Bård Sundal frå Kvinnherad, som selde sin del av garden til Bjørn Knutson Sæterbø, som vart brukar her. Etter 1702 var brukarane stort sett sjølveigarar. Den første brukaren ein kjenner til på Hovstad var «Vigun på Hostet», som er nemnt i 1519.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Den første delen av namnet kjem av hòv, ein heidensk heilag plass. Hovet stod på Tytehaugen ovanfor Storavatnet. Her er det funne ein steinsett ring med ein diameter på fire meter. Den andre delen av namnet kan vere -stad, men etter uttalen i bygda og skriftformer på 1600-talet og seinare, kan det vere -stø som i båtstø. Det syner i såfall til båtstøa i Storavatnet like nedanfor garden, der det finst fleire båtstøer. Truleg har folk som søkte hovet frå nord- og austsida av vatnet brukt båt og hatt båtstø der, og at Hovstadmennene hadde båtar i vatnet med lending her.

Gardnamnet har blitt skrive på mange måtar gjennom tidene, som Hostet, Hoffstadt, Hoffstad, Hofstad, Hoffestadtt, Hougstadt, Hougstad, Houfstad, Houstad, Hoffstøed, Hoffstøe, Hougstøe, Hofstøe, Hoefstøe, Hougsbøe, Hoffstøel, Hogstøe, Hovstad og Hoffstad.

Namnet vert no skrive Hovstad. Daglegnamnet er Hogste.

Sælavikjo[endre | endre wikiteksten]

Sælavikjo var ein husmannsplass under Hovstad. Plasset låg i vika med same namn ut mot Stokksund, mellom Fitjar og Bømlo. Det har truleg budd folk her alt før mellomalderen. Historikaren P.A. Munch skreiv i boka Historisk geografi beskrivelse over Kongeriket Norge at skipet som førte liket til kong Håkon Håkonson heim til Noreg først gjekk i land i denne vika.[1]. Kongeskipet låg her ei stund medan det gjekk bod fram og attende til Bergen, der dei gjorde førebuingar for å ta i mot kongen. Kongsgarden på Fitjar i nærleiken var truleg til god hjelp. Det har mest sannsynleg vore eit sælehus i vika i mellomalderen, der reisande kunne overnatte. I følgje soga var det 3-4 slike sælehus mellom Bergen og Stavanger. Sælavikjo ligg ved den gamle skipsleia gjennom Stokksund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historisk geografi beskrivelse over Kongeriket Norge s. 116. Av P.A. Munch