Hovudkål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovudkål
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Kålslekta Brassica
Art: Kål B. oleracea
Varietet: Hovudkål Brassica oleracea var. capitata
L., 1753

Hovudkål er ein kåltype med blad som ligg tett inntil kvarandre og dannar ein stor ball eller eit «hovud».[1] Det vitskaplege namnet på varieteten er Brassica oleracea var. capitata.[2]

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire typar hovudkål. Kvitkål er den vanlegaste forma i Noreg. Denne typen dannar store hovud med blad som sit tett saman og gjerne er lyse, tilmed kvitlege, inni hovudet.[3] Nykål eller sommarkål er mindre tettpakka og er klart tidleg i sesongen.[4]

Savoykål er ein annan variant med krusete, lausare pakka blad og mildare smak enn vanleg kvitkål.[5] Raudkål er kjenneteikna av raudlilla blad og har også ein mild smak.[6]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «hodekål» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «hovudkål» i Nynorskordboka.
  3. «Hodekål, Hvitkål», www.frukt.no (på norsk bokmål), henta 3. april 2019 
  4. «Tidligkål, Nykål», www.frukt.no (på norsk bokmål), henta 3. april 2019 
  5. «Savoykål», www.frukt.no (på norsk bokmål), henta 3. april 2019 
  6. «Rødkål», www.frukt.no (på norsk bokmål), henta 3. april 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hovudkål