Hovudseriefinalen i fotball 1956

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hovudseriefinalen i fotball 1956 fann stad på Ullevål stadion i Oslo sundag 3. juni 1956, med 26 364 tilskodarar på tribunane. Dei to finalistane, Fredrikstad Fotballklubb og Larvik Turn, hadde vunne kvar si avdeling av Hovudserien 1955/56. Til liks med året før lukkast Larvik Turn sikre seg seriemeistertittelen etter finalesiger over Fredrikstad FK, denne gongen med sifra 3-2.

Fredrikstad var utpeikt til favoritt og senterløpar Henry Johannessen gav laget leiinga då han «beinet ballen inn» i det 14. minutt. Sju minuttar seinare utlikna Larvik Turn ved Per Ljostveit som «knallet ballen inn i hjørnet». Få minuttar etter vart Turn-kaptein Asbjørn Hansen skadd og Kjell Johansen tok plass i Turn-forsvaret. Straks før pause vart også FFK sin kaptein Erik Holmberg skadd og vart erstatta av Hans Jakob Mathisen. Fem minutt ut i andre omgang sende så Reidar Kristiansen FFK på ny i leiinga på straffespark. Kort etter fekk Larvik Turn balanse i målprotokollen gjennom eit omdiskutert sjølvmål. Sigersmålet til Larvik Turn kom i det 70. minutt då Ljostveit gjorde eit «lynrapt gjennombrudd og skjøt velplasert (sic) og hardt i hjørnet».

Larvik Turn sitt vinnarlag bestod av målvakt Thor Kristiansen, backane Ragnar Olsen og Harry Boye Karlsen, halfane Einar Danielsen, Asbjørn Hansen, Øivind Johansen og løparrekka Erling Mathiesen, Gunnar Thoresen, Reidar Sundby, Per Ljostveit og Marcus Borgersen.

Fredrikstad FK stilte med Per Mosgård i mål, backane Roar Johansen og Åge Spydevold, halfane Leif Pedersen, Erik Holmberg, Reidar Kristiansen og løparane Bjørn Borgen, Arne Pedersen, Henry Johannessen, Tore Nilsen og Willy Olsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]