Hovudseriefinalen i fotball 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovudseriefinalen i fotball 1960 fann stad på Ullevål stadion i Oslo fredag 15. juni 1960, med 23 000 tilskodarar på tribunane. Dei to finalistane, Fredrikstad Fotballklubb og Lillestrøm Sportsklubb, toppa kvar si avdeling av Hovudserien 1959/60. Fredrikstad FK vart hovudseriemeister for sjette gong med sigerssifra 6-2.

I den fyrste omgangen sende Willy Olsen FFK i føringa før Oddvar Richardsen utlikna, der etter gav Arne Pedersen Fredrikstad leiinga på ny, atter utlikna LSK, ved det høvet ved Trond Willadsen. Eitt minutt før pause skåra Olsen for tredje gong og syrgde for at FFK leia 3-2 ved pause. Den andre omgangen dominerte FFK kampen; Per Kristoffersen auka til 4-2 og fastsette sluttresultatet til 6-2, etter at Rolf Borgersen hadde lagt på til 5-2.

Fredrikstad FK sitt vinnarlag bestod av målvakta Per Mosgaard, backane Kjell Andreassen og Åge Spydevold, halfane Roar Johansen, Hans Jakob Mathisen, Reidar Kristiansen og løparrekka Bjørn Borgen, Arne Pedersen (kaptein), Per Kristoffersen, Rolf Borgersen og Willy Olsen.

Lillestrøm SK mønstra fylgjande mannskap; Odd Andersen, Hans Hansen, Kjell Aspelin, Rolf Wahl, Ivar Christiansen, Svein Bergersen, Kjell Hansen, Trond Willadsen, Oddvar Richardsen, Gunnar Arnesen og Per Sæther.

Dommar var Finn Bilstad frå Skiold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Arbeiderbladet 16.juni 1960