Hovudseriefinalen i fotball 1961

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovudseriefinalen i fotball 1961 fann stad på Ullevål stadion i Oslo fredag 16. juni 1961, med 17 760 tilskodarar på tribunane. Kampen var den 13. og siste hovudseriefinalen i fotball. Dei to finalistane, Fredrikstad Fotballklubb og Eik Idrettsforening, toppa kvar si avdeling av Hovudserien 1960/61. Fredrikstad FK vart hovudseriemeister for sjuande gong med sigerssifra 2-0.

Per Kristoffersen gav FFK leiinga på ei «fin heading» i fyrste omgang, medan Bjørn Borgen fastsette sluttresultatet til 2+-0 med ein lobb i det 60. minutt..

Fredrikstad FK sitt vinnarlag bestod av målvakta Frank Nervik, backane Kjell Andreassen og Tom Johannessen, halfane Roar Johansen, Hans Jakob Mathisen, Reidar Kristiansen og løparrekka Bjørn Borgen, Arne Pedersen (kaptein), Per Kristoffersen, Rolf Borgersen og Jan Aas.

Eik IF mønstra fylgjande mannskap; Dagfinn Holt, Kåre Jensen, Dag Henriksen, Arne Nilsen, Thor Hansen, Tore Halvorsen, Øyvind Bollerud, Arne Høivik, Reidar Bettum, Rolf Sperre og Ernst Holt. «Strategen» Arne Høivik slo opp ein lyskeskade midtveges i fyrste omgang og vart erstatta av Henrik Roberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Arbeiderbladet 17.juni 1961