How Do I Make You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
How Do I Make You
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Mad Love
B-side

Rambler Gambler

Utgjeve Januar 1980
Sjanger Rock, new wave
Lengd 2:25
Selskap Asylum Records
Låtskrivar(ar) Billy Steinberg
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
«Alison»
(1979)
How Do I Make You «Hurt So Bad»
(1980)


«How Do I Make You» er ein song skriven av Billy Steinberg og spelt inn av Linda Ronstadt i 1980. Songen nådde topp 10 på singellista i USA.

Komposijson[endre | endre wikiteksten]

Steinberg har sagt at han var «litt inspirert» av The Knack-songen «My Sharona» då han skreiv «How Do I Make You». Han spelte opphavleg inn songen med bandet sitt Billy Thermal som ein av fleire demoar dei skapte medan bandet var på Planet Records. Selskapet gav ikkje ut desse songane. Fleire av demoane, inkludert «How Do I Make You», vart sidan gjeven ut på ein EP gjeve ut av Kinetic Records, eit sjølvstendig selskap i Los Angeles.[1]

I følgje Steinberg var gitaristen i Billy Thermal, Craig Hull, kjæraste med Wendy Waldman, som var korvokalist for Linda Ronstadt på konertane hennar: «utan å spørje meg først, spelte Wendy og Craig Billy Thermal-demoane for Linda Ronstadt, og Linda likte songen 'How Do I Make You.'»[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«How Do I Make You», med Nicolette Larson på korvokal,[2] vart gjeven ut som ein tidleg singel frå albumet Mad Love. Det var eit døme på den meir rocka utviklinga til Ronstadt. Songen nådde sjetteplassen på Cash Box Top 100-lista og tiandeplassen på Billboard Hot 100.[3]

Den tradisjonelle songen «Rambler Gambler» var B-side, og denne gjekk in på Billboard country-lista på 42. plassen.

«How Do I Make You» gjekk vart mykje spelt på radiostasjonar som fokuserte på album-orientert rock. Singelen vart òg ein hit i Australia (19. plassen) og New Zealand (tredjeplassen).

Eit konsertopptak for eit HBO-program i april 1980, kom ut i 2019 på albumet Live In Hollywood.[4]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Årsliste (1980) Plass
US Top Pop Singles (Billboard)[5] 68

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Alvin and the Chipmunks gav ut songen på albumet Chipmunk Punk i 1980.[6]

I 2019 gav det australske hardrockbandet Baby Animals ut ein versjon som den første singelen deira frå albumet Greatest Hits.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Song Facts Interview/ Billy Steinberg». SongFacts.com. Henta 7. desember 2020. 
  2. DeGagne, M. «How Do I Make You». Allmusic. Henta 7. desember 2020. 
  3. «Linda Ronstadt awards». Allmusic. Henta 7. desember 2020. 
  4. «Linda Ronstadt to Release Concert Album 'Live in Hollywood'». Rolling Stone. Henta 7. desember 2020. 
  5. «1980 Talent in Action – Year End Charts : Pop Singles». Billboard 92 (51): TIA-10. 20. desember 1980. Henta 5. april 2020. 
  6. Stone, D. «Chipmunk Punk». Allmusic. Henta 7. desember 2020. 
  7. «BABY ANIMALS ANNOUNCE 30TH ANNIVERARY NATIONAL TOUR». Bloodlines Music. January 2019. Henta 18. august 2019.