How Do You Do It?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
How Do You Do It?
Singel av Gerry and the Pacemakers
B-side

«Away from You»
(Marsden-Chadwick)

Språk engelsk
Utgjeve 14. mars 1963 (UK)[1]
5. juli 1964 (US)
Innspelt 22. januar 1963
EMI Studios, London
Sjanger Merseybeat
Lengd 1:59
Selskap Columbia DB4987 (EMI)[2]
Laurie 3261 (USA)
Komponist Mitch Murray
Tekstforfattar Mitch Murray
Låtskrivar(ar) Mitch Murray[2]
Produsent George Martin[2]
Gerry and the Pacemakers-kronologi 
How Do You Do It? «I Like It»
(1963)


«How Do You Do It?» var debutsingelen til Liverpool-bandet Gerry and the Pacemakers.[2] Songen gjekk til topps på UK Singles Chart den 11. april 1963, og låg der i tre veker.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen var skriven av Mitch Murray,[2] som tilbaud han til Adam Faith og Brian Poole, men vart avvist.[4] George Martin frå EMI valde å plukke songen opp for eit nytt band han var produsent for, The Beatles, som A-sida for den første singelen deira.[4] The Beatles spelte inn songen, men ville ikkje gje han ut, sidan dei følte han ikkje passa med stilen deira, men gjorde endringar frå demoinnspelinga til Murray. Desse omfatta ein ny introduksjon, vokalharmoni, ein solo, nokre småendringar i teksten og fjerna ein modulasjon for siste verset.[4] Dei spelte inn songen i september 1962, og sjølv om Murray mislikte endringane deira, var det ikkje dette som gjorde at dei ikkje gav han ut.[5] «Love Me Do» vart den første singelen deira i staden. Innspelinga deira kom offisielt ut i november 1995 på Anthology 1 album.

Gerry and the Pacemakers sin versjon, som òg vart produsert av Martin, vart ein stor hit i Storbritannia og erstatta «From Me to You» (den tredje singelen til The Beatles) på toppen av singellista.[6] Det var tittelsongen på ei EP-plate i lag med «Away From You», «I Like It» og «It's Happened to Me» (Columbia SEG8257, gjeven ut i juli 1963). Singelen gjekk inn på den amerikanske singellista 5. juli 1964, og nådde til slutt niandeplassen.[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Dick and Dee Dee gav ut ein versjon av songen i 1966 på albumet deira, Songs We've Sung on Shindig.[8]
  • The Supremes-versjonen finst på albumet The Supremes - A Bit Of Liverpool for Motown 1964 (Motown Record Corp. #623)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «How Do You Do It?»YouTube
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 71. ISBN 0-85112-250-7. 
  3. «Official Singles Chart UK Top 100». Theofficialcharts.com. Arkivert frå originalen 8. april 2008. Henta 18. mars 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Lewisohn, Mark (2013). Tune In: The Beatles, All These Years, Vol. 1. Crown Archetype. s. 670–671. 
  5. Lewisohn (2013), p. 699
  6. «How Do You Do It». The Beatles Bible. Henta 18. mars 2018. 
  7. «The Hot 100 : 5. september 1964 | Billboard Chart Archive». Billboard.com. 5. september 1964. Henta 18. mars 2018. 
  8. Dick and Dee Dee, Songs We've Sung on Shindig Henta 2. mai 2015

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]