How High the Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«How High the Moon»
Musikk av Morgan Lewis
Tekst av Nancy Hamilton
Publisert 1940

«How High the Moon» er ein jazzstandard med tekst av Nancy Hamilton og musikk av Morgan Lewis. Han vart først framført i Broadway-musikalen Two for the Show i 1940, der han vart sungen av Alfred Drake og Frances Comstock.[1] I Two for the Show er songen er sjeldant seriøst nummer i ein elles morosam musikalsk.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Den første hitversjonen på plata vart laga av Benny Goodman & His Orchestra, med vokalisten Helen Forrest. Han vart spelt inn 7. februar 1940 og gjeve ut av Columbia Records med B-sida «Fable of the Rose».[2] Les Paul Trio spelte inn ein versjon på V-Disc med ein talt introduksjon i november 1945, gjeven ut av U.S. War Department. I 1948 fekk bandleiaren Stan Kenton noko suksess med sin versjon av melodien. Innspelinga med vokal av June Christy kom ut på Capitol Records med B-sida «Willow, Weep for Me» på ei utgåve[3] og «Interlude» på ei anna.[4] Han gjekk inn på magasinet Billboard Best Seller-lista 9. juli 1948 og nådde 27. plassen.[5]

Ei innspeling av songen av Les Paul og Mary Ford vart laga 4. januar 1951. Plata kom ut 26. mars på Capitol Records med B-sida «Walkin' and Whistlin' Blues»,[6] og låg 25 veker på Billboard-lista,[5] ni av dei på toppen av lista. Singelen vart sidan gjeven ut på ny med B-sida «Josephine».[7] Denne versjonen gjekk over til Most-Played Juke Box Rhythm & Blues Records-lista, der han nådde andreplassen.[8] Utgåva deira vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1979 og finst på lista til Rock and Roll Hall of Fame and Museum over songar som forma Rock and Roll.[9]

Songen vart sungen i forskjellige utgåver av Ella Fitzgerald og vart i lag med Gershwin sin «Oh, Lady Be Good!», signaturlåten hennar. Ho framførte første gongen songen i Carnegie Hall den 29. september 1947.[1] Den første innspelinga hennar, akkompagnert av The Daydreamers, vart spelt inn 20. desember 1947, og gjeve ut av Decca Records med B-sida «You Turned the Tables on Me».[10] Den mest kjende innspelinga hennar av «How High the Moon» er på albumet hennar Ella in Berlinfrå 1960, og versjonen hennar vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2002.[11]

Songen har blitt ein signøyarjazzstandard og har blitt spelt inn mange gonger i forskjellige sjangrar.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «Cover versions of How High the Moon by Frances Comstock & Alfred Drake - SecondHandSongs». 
  2. «COLUMBIA 78rpm numerical listing discography: 35200 - 35500». 
  3. 3,0 3,1 «Capitol 500 - 1000, 78rpm numerical listing discography». 
  4. «Capitol 15000 series numerical listing discography». 
  5. 5,0 5,1 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. 
  6. «Capitol 1000 - 1500, 78rpm numerical listing discography». 
  7. «Capitol 1500 - 2000, 78rpm numerical listing discography». 
  8. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 452. 
  9. «Exhibits». 
  10. «DECCA (USA) 78rpm numerical listing discography: 24000 - 24500». 
  11. «GRAMMY Hall Of Fame». Arkivert frå originalen 2015-07-07. 
  12. «The Frog». 1. januar 2000 – via IMDb. 
  13. «DECCA (USA) numerical listing discography: 28000 - 28500». 
  14. «BLUEBIRD 78rpm numerical listing discography: 10500 - 11000». 
  15. «Discography for Royal Roost Records». 
  16. «DECCA (USA) numerical listing discography: 29000 - 29500». 
  17. «Aladdin 3000 series 78rpm numerical listing discography». 
  18. 18,0 18,1 «SAVOY 78rpm numerical listing discography: 500 series». 
  19. Productions, Global Dog. «Singles Discography for National Records». 
  20. 20,0 20,1 «Capitol 10000-series 78rpm numerical listing discography». 
  21. «Musicraft 78rpm numerical listing discography - 200 through 600». 
  22. «VICTOR numerical listing discography». 
  23. «COSMO 78rpm numerical listing discography». 
  24. «COLUMBIA RECORDS: 78rpm numerical listing discography 38500 - 39000». 
  25. «MGM 78rpm numerical listing discography: 10000 - 10500». 
  26. «Arco 78rpm numerical listing discography». 
  27. 27,0 27,1 «COLUMBIA 78rpm numerical listing discography: 39000 - 39500». 
  28. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 108. 
  29. 29,0 29,1 29,2 MGM Records in the 30500 to 30887 series
  30. «Capitol 20000-series 78rpm numerical listing discography». 
  31. «RCA Victor 20-prefix 78rpm numerical listing discography: 20-2000 through 20-2500». 
  32. «DECCA (USA) numerical listing discography: 24500 - 24999». 
  33. «Capitol 60000-series 78rpm numerical listing discography». 
  34. 34,0 34,1 34,2 «SIGNATURE 78rpm numerical listing discography». 
  35. 35,0 35,1 «Varsity 78rpm numerical listing discography: 5000 series». 
  36. 36,0 36,1 «Montgomery Ward 78rpm numerical listing discography: 10000 series». 
  37. «MERCURY 78rpm numerical listing discography: Jazz ath the Philharmonic 11000 series». 
  38. «DISCOVERY 78rpm numerical listing discography». 
  39. «COLUMBIA 78rpm numerical listing discography: 38000 - 38500». 
  40. «DECCA (USA) 78rpm numerical listing discography: 3000 - 3500». 
  41. «MERCURY numerical listing discography: 8900 series». 
  42. «Atlantic Records 78rpm numerical listing discography». 
  43. «Vocalion 78rpm numerical listing discography - 5000 series (main sequence)». 
  44. «MGM Records - 78rpm numerical listing discography: 30000 - 30499». 
  45. Productions, Global Dog. «45 Discography for Blue Note Records». 
  46. «NATIONAL 78rpm numerical listing discography». 
  47. 47,0 47,1 «COLUMBIA RECORDS (USA), 78rpm numerical listing discography 39500 - 40000». 
  48. «DISC 78rpm numerical listing discography». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]