How Long, How Long Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«How Long, How Long Blues» er ein tradisjonell 8-taktsblues gjort kjend av Leroy Carr på innspelinga hans frå 1928 for Vokalion Records i lag med gitarist Scrapper Blackwell. Songen vert ofte berre kalla «How Long Blues» og er ein bluesstandard som er spelt av mange artistar, ikkje berre som blues, òg som country, pop og jazz.

Songen[endre | endre wikiteksten]

Carr skreiv musikken for songen, som er ei trist soge om korleis livet kan gå gale. Han spelte imponerande bluespiano og akkompagnerte seg sjølv med Blackwell på jazzgitar. I motsetnad til landlege bluesartistar på denne tida, var vokalen til Carr i høgt toneleie og glatt, med klår uttale.[1][2]

Songen er spelt inn med mange tekstmessige variasjonar, men dei fleste variantane byrjar med linja: «How long, how long, has that evening train been gone?»

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Dette er den første suksessrike innspelinga som syner den nordlege urbane bluesstilen som kom av svarte amerikanarar som flytta nordover. Carr i lag med gitaristen Blackwell kombinerte lett bluespiano med ein melodisk jazzgitar som tiltrekte eit sofistikert svart publikum til klubbane. Vokalstilen hans flytta blues mot ein meir sofistikert urban stil og påverka songarar som T-Bone Walker, Charles Brown, Amos Milburn, Jimmy Witherspoon, Ray Charles og fleire.[1] Jazzgitaren til Blackwell var med å bane veg for elektrisk gitaristar som Eddie Durham og Charlie Christian.[2]

Ein versjon av songen finst på Lonnie Donegan-albumet Lonnie Donegan Showcase frå 1956.

1. oktober 1962 spelte Lou Rawls inn songen for albumet Black and Blue.

Grateful Dead spela songen mange gonger i 1970 under det akustiske settet sitt.

Songen vart spelt inn av Eric Clapton for albumet From the Cradle i 1994.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Shaw, Arnold (1978). Honkers and Shouters. New York: Macmillan Publishing Company. s. 8–9. ISBN 0-02-061740-2. 
  2. 2,0 2,1 Rowe, Mike (1973). Chicago Blues. New York, N.Y.: Da Capo Press. s. 12–13. ISBN 0-306-80145-0.