How to Train Your Dragon 2
![]() | |
Regi | Dean DeBlois |
---|---|
Forfattar(ar) | Chris Sanders ![]() |
Produsent(ar) | Bonnie Arnold |
Manus | Dean DeBlois |
Basert på | How to Train Your Dragon ![]() |
Musikk | John Powell |
Distributør | 20th Century Studios, UIP-Dunafilm, InterCom, Netflix ![]() |
Utgjevingsdato | 2014 |
Lengd | 102 min. |
Opphavsland | USA |
Budsjett | 145 millionar USD |
Inntening | 621 537 519 US-dollar, 177 002 924 US-dollar ![]() |
How to Train Your Dragon 2 (norsk: Dragetreneren 2) er ein amerikansk dataanimert action-fantasifilm frå 2014, produsert av DreamWorks Animation og distribuert av 20th Century Fox. Filmen er oppfølgjaren til 2010-filmen How to Train Your Dragon og den andre i trilogien. Han er laust basert på bokserien under same namn av den engelske forfattaren Cressida Cowell, er regissert og skriven av Dean DeBlois og har stemmeskodespelarar som Jay Baruchel, Gerard Butler, Craig Ferguson, America Ferrera, Jonah Hill, T.J. Miller, Kristen Wiig, og Christopher Mintz-Plasse.
Handlinga går føre seg fem år etter den første filmen, og sentrerer om Hiccup og venene hans som unge vaksne, medan dei møter Valka, den lenge sakna mora til Hiccup, og Drago Bludvist, ein galning som vil ta over verda.[1] Filmen vart utgjeven 13. juni 2014 og var ein kritisk og kommersiell suksess. Han tente inn over 620 millionar dollar globalt. Den tredje og siste filmen i trilogien, How to Train Your Dragon 3, hadde norsk premiere 11. januar 2019.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Dragetreneren 2». NRK. Henta 12. august 2018.