Howard Roberts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Howard Roberts
Howard Roberts.jpg
Fødd2. oktober 1929(1929-10-02)
FødestadPhoenix i Arizona i USA
Død28. juni 1992
DødsstadSeattle i Washington i USA
FødenamnHoward Mancel Roberts
OpphavUSA
Aktiv1992–1992
SjangerJazz, rock, country
InstrumentGitar
Tilknytte artistarBobby Troup, Chico Hamilton, The Wrecking Crew
Verka somStudiomusikar, lærar

Howard Roberts (2. oktober 192928. juni 1992) var ein USA-amerikansk jazzgitarist, lærar og studiomusikar.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Roberts vart fødd i Phoenix i Arizona, og byrja å spela gitar som åtteåring. Då han var femten hadde han byrja å spela profesjonelt lokalt.[2][2]

I 1950 flytta han til Los Angeles i California. Med hjelp frå Jack Marshall byrja han å arbeide med musikarar, arrangørar og låtskrivarar, som Neal Hefti, Henry Mancini, Bobby Troup, Chico Hamilton, George Van Eps og Barney Kessel. Kring 1956 signerte Bobby Troup han til Verve Records som soloartist. På den tida byrja han å konsentrere seg om studioarbeid, både som soloartist og som musikar i 'Wrecking Crew', ei retning han følgde inn i 1970-åra.

Roberts spelte rytmegitar, sologitar, bass og mandolin. Han var kjend for å bruke ein Gibson L-5-gitar i studio og på fjernsyn- og filmprosjekt, inkludert sologitar på kjenningsmelodien til The Twilight Zone, og akustisk og elektrisk gitar på The Munsters, Bonanza, The Brady Bunch, Green Acres, Get Smart, Batman, Beverly Hillbillies, Andy Griffith, Peter Gunn, Johnny Quest, Gidget, Mannix, Lost in Space, Dragnet, Wild Wild West, Mission Impossible, The Odd Couple, Dick Van Dyke, I Dream of Jeannie og kjenningsmelodien til filmklassikaren Bullitt.

Roberts spelte med artistar som Georgie Auld, Peggy Lee (på «Fever»), Eddie CochranSittin' in the Balcony»), Bobby DayRockin Robin»), Jody ReynoldsEndless Sleep»), Shelley FabaresJohnny Angel»), Dean Martin («Houston»), The Monkees, Roy Clark, Chet Atkins og The Electric Prunes.

Som medlem av 'Wrecking Crew' spelte Roberts som ein del av Phil Spector sin «Wall of Sound», og spelte gitar på somme av dei mest kjende popsongane i musikkhistoria.

Roberts døydde av prostatakreft 28. juni 1992.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • Mr. Roberts Plays Guitar (1956/1957) Norgran MGN-1106; Verve MGV-8192
  • Good Pickin's (1959) Verve MGV-8305 [CD nyutgjeving: Verve B0005931-02 i 2006]
  • Velvet Groove (1966) Verve MGV-8662 -samlealbum med songar frå 1956/1957/1959
  • The Movin' Man (1966) Verve/MGM VSP-29 -samlealbum med songar frå 1957/1959
  • This Is Howard Roberts...Color Him Funky (1963) Capitol ST-1887
  • H. R. Is a Dirty Guitar Player (1963) Capitol ST-1961
  • Something's Cookin' (1965) Capitol ST-2214
  • Goodies (1965) Capitol ST-2400
  • Whatever's Fair! (1966) Capitol ST-2478
  • All-Time Great Instrumental Hits (1966) Capitol ST-2609
  • Jaunty-Jolly! (1967) Capitol ST-2716
  • Guilty!! (1967) Capitol ST-2824
  • Out of Sight (But 'in' Sound) (1968) Capitol ST-2901
  • Spinning Wheel (1970) Capitol ST-336
  • Antelope Freeway (1971) Impulse! AS-9207
  • Equinox Express Elevator (1972 [rel. 1975]) Impulse! AS-9299
  • Sounds (1974) Capitol ST-11247
  • The Real Howard Roberts (1977) Concord Jazz CJ-53
  • Turning to Spring (1979) Discovery DS-812
  • The Magic Band: Live at Donte's [innspelt juli 1968] (1995) V.S.O.P. 94
  • The Magic Band II [innspelt mai 1968] (1998) V.S.O.P. 102

Som studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Med David Axelrod

Med June Christy

Med Buddy Collette

Med Chico Hamilton

Med Milt Jackson

Med Hank Jones

Med John Klemmer

Med Charles Kynard

Med Herbie Mann

Med Thelonious Monk

Med Shorty Rogers

Med Lalo Schifrin

Med Bud Shank

Med Gábor Szabó

Med Bobby Troup

  • Bobby Troup (Capitol, 1953)

Med Larry Williams

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Yanow, Scott. «Howard Roberts Biography». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17 April 2013. 
  2. 2,0 2,1 Sallis, James. "Middle Ground: Herb Ellis, Howard Roberts, Jim Hall, Kenny Burrell, Joe Pass, Tal Farlow." Jazz Guitars: An Anthology. First ed. New York: Quill, 1984. 197-207. Print.
  3. Larry Williams: Bad Boy The Legends of Specialty Records, Speciality Records 1989, liner notes

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]