Hopp til innhald

Howden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Howden
by
Howden Minster og marknadskrossen.
Foto: DS Pugh
Land  England
Region East Riding of Yorkshire
Folketal 4 142 (2011)[1]
Postnummer DN14
Retningsnummer 0 1430
Kart
Howden
53°44′39″N 0°51′48″W / 53.744111111111°N 0.86341666666667°W / 53.744111111111; -0.86341666666667
Wikimedia Commons: Howden

Howden er ein liten marknadsby i grevskapet East Riding of Yorkshire i England. Han har kring 4 000 innbyggjarar, og ligg om lag 5 km nord for Goole og 27 km sørvest for York. Vilhelm Erobraren gav byen til biskopen av Durham i 1080.[2] Howden Minster, ei av dei største kyrkjene i East Riding, ligg midt i byen.

Namnet Howden er avleidd frå gammalengelsk hēafoddenu, som tyder ‘hovuddal’.[3]

Howden ligg i den flate Vale of York og er omgjeven av eit flatt landskap med myr nokre stader. Han ligg ved vegen A614, som no går rundt byen, og i nærleiken av motorvegane M62 og M18. Goole ligg nær Howden, på andre sida av elva Ouse. Howden jernbanestasjon, som ligg i North Howden, har samband til Leeds, Selby, York, Hull og London.

  1. «Key Statistics». Office for National Statistics. Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition). Henta 23. juni 2025.
  2. «Howden Minster». Howden Minster. Arkivert frå originalen 14. februar 2007. Henta 20. juli 2006.
  3. «Key to English Place-names». kepn.nottingham.ac.uk. Henta 29. september 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Howden