Howie Epstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Howie Epstein
Fødd21. juli 1955(1955-07-21)
FødestadMilwaukee i Wisconsin
Død23. februar 2003 (47 år)
DødsstadSanta Fe, New Mexico
FødenamnHoward Norman Epstein
OpphavUSA
Instrumentgitar
Tilknytte artistarTom Petty and the Heartbreakers, Blue Stingrays, Del Shannon
Verka sommusikkprodusent, komponist

Howard Norman «Howie» Epstein (21. juli 195523. februar 2003) var ein musikar mest kjend som bassist i Tom Petty and the Heartbreakers.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Epstein var fødd i Milwaukee og voks opp i ein musikalsk familie, men byrja ikkje å spele bass før eit par år før han kom med i Heartbreakers. Faren hans, Sam, var ein lokal plateprodusent som arbeidde med forskjellige rock- og soulgrupper i 1950- og 1960-åra. Howie brukte å vere med faren i studio, og spelte inn litt musikk som ung gut.

Seint i 1960- og tidleg i 1970-åra, spelte Howie i fleire rock and roll- og countryband, som MHB Experience, Egz, Winks, Forearm Smash og The Craze. Då han hadde kome så langt han kunne kome i Milwaukee, valde Epstein å flytte til New York, men før han kom så langt vart han dratt til Vestkysten av ein trommeslagarven for å spele bass i eit nytt band som John Hiatt starta i LA. Han spelte med Hiatt i to år og to album (Slug Line og Two Bit Monsters) og turnerte ei kort tid med Cindy Bullens.

The Heartbreakers[endre | endre wikiteksten]

Epstein spelte så for Del Shannon. Medan han spelte på eit Shannon-album som Tom Petty var produsent for (Drop Down And Get Me), vart Epstein imponert over det Petty kunne. Då Ron Blair, som hadde vore bassist med Tom Petty and The Heartbreakers sidan starten i 1976, så annonserte at han hadde fok nok av turnelivet, vart Epstein henta inn for å erstatte han.

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Epstein spelte bass på innspelingar av Eric Andersen, Bob Dylan, Carlene Carter, Johnny Cash, John Hiatt, Stevie Nicks, Roy Orbison, Carl Perkins, John Prine, Linda Ronstadt, Del Shannon, The Textones, The Village People og Warren Zevon.

Han var òg låtskrivar og produsent. Epstein produserte to album for John Prine, inkludert The Missing Years i 1991, som vann ein Grammy-pris for beste folkemusikkalbum, og Eric Andersen sitt Memory Of The Future (1998).

Epstein var i eit forhold med Carlene Carter, etter ho skilde seg frå Nick Lowe og reiste attende til USA i 1988. Han hjelpte Carter få karrieren på fote att. Epstein produserte hitalbumet hennar, I Fell in Love (1990), og skreiv tittelsporet i lag med Perry M. Lamek. Carter vart nomninert til Grammy-prisen for beste kvinnelege countrysong på for «I Fell In Love» i 1991. Tre år seinare produserte Epstein oppfølgjaren til Carter, Little Love Letters. Epstein og Carter var forlova i 1990-åra, men gifta seg aldri.

Død[endre | endre wikiteksten]

Epstein døydde av komplikasjonar av dopmisbruk, men det vart ikkje rapportert om ein overdose. Etterforskarar vart fortalt at Epstein brukte heroin. Han døydde 23. februar 2003, 47 år gammal. I seinare intervju fortalte Tom Petty at oppførselen til Epstein hadde blitt uføreseieleg: «Han berre forsvann hen for oss, til eit punkt der me meinte at å halde Howie i bandet ville gjere større skade på han enn å bli kvitt han. Dei personlege problema hans var enorme og alvorlege.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]