Hrísey

Koordinatar: 65°41′N 18°06′W / 65.683°N 18.100°W / 65.683; -18.100
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hrisey)
Hrísey
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 65°41′N 18°06′W / 65.683°N 18.100°W / 65.683; -18.100

Areal 7,67 km²

Høgaste punkt Hrisey (110 moh.)

Administrasjon
Land Island
Kommune Akureyri

Demografi
Folketal Om lag 200

Hrísey er ei lita øy utanfor nordkysten av Island, om lag 35 km nord for Akureyri, i Eyjafjörður. Øya har ferjesamband frå Árskógssandi. Sidan 2004 har øya vore ein del av kommunen Akureyri og var tidlegare ein eigen kommune.

Hrísey har eit areal på 7,67 km² og er om lag 7,5 km lang og 2,5 km brei på det breiaste i sør. Ho er den nest største øya utanfor kysten Island (etter Heimaey i Vestmannaeyjar). Ho har om lag 200 innbyggjarar oghar vore busett så lenge det har vore folk på Island.

Tidlegare vart øya nytta som base for fiskeindustrien, først av nordmenn og svenskar og så av islendingar. Seint på 1800-talet husa ho ein fabrikk som salta sild. Diverre første overfiske til at det gjekk kraftig nedover med fiskeindustrien på Island i 1960-åra, og det siste fryseriet på Hrísey, eigd av selskapet Eyjafjörður, stengde i 1999.

Dei siste åra har fuglekikkar kome til øya for å kikke på dei mange fuglane her. Det er ingen naturlege rovdyr på øya så ho er ein ideell tilflukstad for fuglar. Den nordlege delen av Hrísey, Ystabæjarland, er eit privateigd naturreservat og det er forbode å ta livet av fuglar på øya. Av dei nesten 40 artane ein kan sjå på øya finn ein fjellrype, isterne og ærstegg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]