Hristo Markov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hristo Markov
Fødd 27. januar 1965
Dimitrovgrad
Yrke friidrettsutøvar, politikar

Hristo Ganchev Markov[a] (fødd 27. januar 1965) er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Dimitrovgrad. Han konkurrerte fyrst og fremst i tresteghopp, men gjorde framifrå prestasjonar også i lengdehopp og stavhopp. Markov vart europameister i tresteghopp i 1986, verdsmeister i 1987 og olympisk meister i 1988.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Den 30. august 1986 vann Markov trestegøvinga i europameisterskapen i Stuttgart. Med 17,66 m slo han nestemann, Māris Bružiks frå Sovjetunionen, med heile 33 centimeter. Nærast på dagen eitt år seinare, den 31. august 1987, leia Mike Conley trestegtevlinga i finalen under verdsmeisterskapen i Roma med 17,67 m. I femte omgangen fekk Markov fullklaff med 17,92 m, ny europarekord og EM-gull.

Under dei olympiske leikane i Seoul i 1988 tok Markov leiinga i fyrste forsøk med eit hopp som målte 17,61 meter. Ingen klarde å straffe resultatet, Igor Lapsjin frå Sovjetunionen kom nærast då han i siste omgang landa på 17,52 m og tok sølvmedaljen framfor sin eigen landsmann, Aleksandr Kovalenko.

I europameisterskapen 1990 hoppa Markov til sølvmedalje med eit lengstehopp på 17,43 m, Leonid Volosjin frå Sovjetunionen var klart beste med sine 17,74 m. Både under VM 1991 og OL 1992 rauk Markov ut i kvalifiseringa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Tresteghopp – 17,92 m (1987)
  • Lengdehopp – 8,23 m
  • Stavhopp – 5,40 m (1994)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bulgarsk skrift Христо Ганчев Марков

Kjelder[endre | endre wikiteksten]