Huangfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om fjellkjeda. For byen, sjå Huangshan.
Huangfjella (Huangshan, 黄山)
fjell
Huangshan fengjing.jpg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Fylke Anhui
Høgd 1 864[1] m
Verdsarvstad
År 1990 (#14)
Nummer 547bis
Region Asia-Stillehavet
Kriterium (ii), (vii), (x), (ii), (vii), (x)
Wikimedia Commons: Huangshan

Huangfjella (forenkla kinesisk 黄山 Huangshan,[2], 'Dei gule fjella') er ei fjellkjede sør i Anhuiprovinsen aust i Kina.

Området er vidkjend for landskapet sitt med soloppgangar og solnedgangar, granitt-toppar med underlege former, Huangshan-furu, varme kjelder, vintersnø og ustyn ovanfrå over skydekke. Huangfjella er eit utbreidd motiv i tradisjonell kinesisk kunst og litteratur, så vel som i moderne fotografi. Det er ein verdsarvstad og eit viktig kinesisk turistmål.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Huangfjella har ei rekkje toppar, nokre av dei over 1 000 moh.[3] Dei tre høgaste og best kjende fjelltoppane er 'Lotustoppen' (Lianhua Feng, 1,864 m), 'Den lysande toppen' (Guangming Ding, 1,840 m) og 'Himmeltoppen' (Tiandu Feng, 1,829 m).[2][4] Verdsarvområdet dekkjer eit kjerneområde på 154 km² og ei buffersone på 142 km².[5] Fjellkjeda blei danna i mesozoikum, for rundt 100 millionar år sidan, då eit tidlegare hav forsvann gjennom jordstiging.[6] Seinare, i kvartærtida, blei landskapet forma av isbrear.[6]

Den kjende 'velkomstfurua' (迎客松)

Plantelivet i området varierer med høgda over havet. Fuktige skogområde dekkjer landskapet under 1000 meter. Mellom 1100 moh. til tregrensa på 1800 moh. finn ein lauvfellande lauvskog. Over tregrensa finn ein alpine sletter. Vegetasjonen har eit stort biologisk mangfald, med ein tredjedel av mosefamiliane og halvparten av bregnefamiliane ein kjenner i Kina funne her. Huangshanfuru (Pinus hwangshanensis) har namn etter Huangfjella, og er rekna som eit symbol på livskraft ettersom furutrea kan veksa like ut av berget.[6] Mange av furutrea i området er over hundre år gamle og er blitt gjevne eigne namn (som Ying Ke-furua, eller 'Velkomstfurua', som ein trur er over 1500 år gammal).[4] Furuene har mange ulike former og storleikar, og dei mest forvridde trea blir rekna som dei mest attraktive.[7]

Det fuktige klimaet i Huangfjella er også gunstig for tedyrking,[8] og fjella er blitt kalla eit av dei beste fjellområda for produksjon av grøn te.[9] Mao feng cha ('Pelstoppte') er ein velkjend lokal variant av grøn te,[10] har namn etter dei dunete tippane av teblada til plantan som veks i Huangfjella.[11]

Skyhav sett frå toppen av Huangfjella

Frå fjelltoppane kan ein ofte sjå eit skydekke under seg, kjend som 'Skyhavet' (forenkla kinesisk 云海, pinyin yúnhǎi)[8] eller 'Huangshanhavet'[7] ettersom skyene kan minna om eit hav. Mange av utsyna er kjende under namn som 'Nordsjøen' eller 'Sørsjøen'[7] Ein forfattar skreiv om utsynet over skyene frå Huangfjella at:

« For å nyta storleiken til eit fjell må ein som regel sjå oppover. For å nyta Huangshan, må ein sjå nedover.[7] »

Området er også kjend for lyseffektar. Å sjå ein soloppgang her er ein viktig del av ein tur til området.[12] Eit fenomen kjend som 'buddhalys' (forenkla kinesisk 佛光, pinyin fóguāng)[13] er også velkjend. Det førekjem eit par gonger kvar månad.[14] Huangfjella har også fleire varme kjelder, dei fleste ved foten av 'Lillaskytoppen'. Vatnet i dei er rundt 42 °C året rundt,[15] Dei varme kjeldene har ein høg konsentrasjon av karbonat. Det blir sagt at dei kan hjelpa mot hud-, ledd- og nerveplager.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bratt fjellskrent i Huangfjella

Huangfjella blei til for rundt 100 millionar år sidan, og fekk sine særeigne steinformasjonar i kvartæristida.[6]

Under Qin-dynastiet var fjella kjende som Yishan (Yi-fjella). I år 747 blei namnet endra til Huangshan (Huang- eller 'Dei gule fjella') gjennom eit keisaredikt.[16] Ein reknar som regle med at namnet blei gjeve til ære for Huang Di eller Den gule keisaren, ein sogeomspunnen kinesisk herskar og den mytologiske stamfaren til hanfolka.[17] Ei soge fortel at det var frå Huangfjella at Den gule keisaren drog opp til himmelen.[4] Den første bruke av namnet «Huangshan» blir ofte tillagd diktaren Li Bai.[17] Medan Huangfjella hadde vore relativt vanskeleg tilgjengelege og lite kjende tidlegare, verker det som om området fekk meir merksemd frå tida rundt namneskiftet. Frå denne tida kom fleire vitjande til området og det blei bygd mange tempel her.[16]

I Huangfjella finst ei rekkje steintrapper[4] som er skorne inn i fjellsidene. I heile området finst det over 60 000 slike trappetrinn.[12][18][19] Det er ikkje kjend kva tid ein byrja laga desse trappene, men dei skal vera over 1 500 år gamle.[18]

I 1982 blei Huangshan erklært eit område av scenisk og historiske interesse av Statsrådet i Kina.[16] Det blei utropt til verdsarv av UNESCO i 1990 for landskapet sitt og rolla si som habitat for sjeldne og truga artar.[20]

Kulturell inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

Tusjmåleri av Huangfjella utført av Shitao i 1670

Mykje av omdømet til Huangfjella stammar frå tydinga dei har hatt i kinesisk kunst og litteratur.[21] I tillegg til å inspirera diktarar som Li Bai[12][5] har Huangfjella og landskapet der ofte vore motiv i dikt og kunstverk, særleg tusjmåleri[16] og meir nyleg i fotografi.[2] Frå Tang-dynastiet til enden av Qing-dynastiet blei det skrive over 20 000 dikt om fjella, og ein kunstnarskule fekk namn etter dei.[4][7]

Ein finn også fjella i moderne kunst. James Cameron, regissøren av filmen Avatar frå 2009, nemnde Huangfjella som inspirasjon for utforminga av den utanomjordiske verda han skildra i filmen.[22] Den kinesiske animasjonsseriene Stitch & Ai, ei avleiing av Disney-serien Lilo & Stitch, går føre seg i Huangfjella.

Vitskap[endre | endre wikiteksten]

Det rike mangfaldet i dyre- og plantelivet her har gjort området interessant for forskarar. Tidleg på 1900-talet utførte kinesiske og utanlandske forskarar fleire studiar av geologien og floraen her.[16] Seint på 1900-talet utførte ei gruppe forskarar feltarbeid for å studera tibetmakak, ein lokal apeart.[23]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Muangfjella er eit viktig turistmål i Kina.[2][12] Minst 140 av rundt 400 kjende sceniske attraksjonar er tilrettelagde for turistar.[20] H Byen Huangshan endra namn frå Tunxi i 1987 for å auka turisme hit.[24] I 2007 hadde området over 1,5 millionar turistar.[25] Foten av fjella har jernbane- og flysamband til storbyen Shanghai,[2] og ein kan også nå han frå andre byar som Hangzhou og Wuhu.[26]

I 1990 fanst det over 50 km med gangstiar som gav vitjande åtgang til sceniske område og lokale arbeidarar til fasilitetane.[16] I dag finst det også taubanar som fører turistar rett frå foten av fjella til ein av toppane.[2] I heile området finst det hotell og herberge der vitjande kan overnatta.[2][16] Det er vanleg å gå opp på fjella ein dag, overnatta der for å sjå den vidgjetne soloppgangen, og så gå ned via ei anna rute.[12]

Området er klassifisert som eit AAAAA scenisk område av det nasjonale turismestyret i Kina.[27]

Hotell, restaurantar og andre fasilitetar på fjelltoppane får tilførsle av varer av berarar til fots som heng børene sine på lange stavar balansert over skuldrene eller ryggane sine.[28]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Huangshan har eit fuktig kontinentalklima (Köppen-klassifisering Dfb). Høgda til området gjer det kaldare og fuktigare enn resten av Anhui.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Lianhua Feng - Lotus Peak, HP Huang Shan" on Peaklist.org - Central and Eastern China, Taiwan and Korea. This data is specific to the high point of the range only. Retrieved 2011-10-5.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Bernstein, pp. 125–127.
  3. «Huangshan Mountain». [Huangshan Tour]. Arkivert frå originalen 3 March 2009. Henta 5. august 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Cao, s. 114–127.
  5. 5,0 5,1 «Mount Huangshan - UNESCO World Heritage Center». UNESCO. 2008. Henta 5. august 2008. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Huangshan Mountains, s. 12.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Guo, pp. 62–64.
  8. 8,0 8,1 Heiss, p. 124
  9. Heiss, s. 113
  10. Heiss, s. 52
  11. «Yellow Mountain Maofeng Tea». [Cultural China]. Arkivert frå originalen 2009-03-02. Henta 8. oktober 2008. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 Butterfield, Fox (8. februar 1981). «China's Majestic Huang Shan». New York Times. Henta 8. oktober 2008. 
  13. China News Service (21. desember 2007). «"Buddha's Light" in Huangshan Mountain». China.org.cn. Henta 23. desember 2008. 
  14. Raitisoja, Geni (4. oktober 2006). «Huangshan: "No. 1 Mountain Under Heaven"». gbtimes.com. Henta 30. desember 2014. 
  15. «Welcome to Huang Shan, Mount Huang». [Famous Taoism and Buddhism Sanctuaries in China]. Wudang Taoist Internal Alchemy. Arkivert frå originalen 2008-10-21. Henta 8. september 2008. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 16,6 «Mount Huangshan Scenic Beauty and Historic Interest Site». [Protected Areas and World Heritage]. United Nations Environment Programme. oktober 1990. Arkivert frå originalen 2008-05-10. Henta 8. oktober 2008. 
  17. 17,0 17,1 «Huang Shan». [ChinaTravel.net]. Henta 8. oktober 2008. 
  18. 18,0 18,1 «The Mystic World of Shanshui: Huangshan». UNESCO Culture Center. UNESCO. Arkivert frå originalen (.wmv) 2008-08-16. Henta 8. oktober 2008. 
  19. McGraw, David (2003). «Magic Precincts» (PDF). University of Hawaii. Arkivert frå originalen (PDF) 18 September 2009. Henta 6 December 2008.  s. 52.
  20. 20,0 20,1 «Mount Huangshan». China.org.cn. 1990. Henta 8. oktober 2008. 
  21. McGraw, s. 109
  22. Renjie, Mao (24. desember 2009). «Stunning Avatar». Global Times. Arkivert frå originalen 28. desember 2009. Henta 24. januar 2010. 
  23. Ogawa, s.9.
  24. "Mt.Huangshan Travel Guide" ChinaTour.Net Accessed 2015-1-21
  25. «China's Huangshan to restrict vehicles during Olympics». Xinhua. 3. august 2008. Arkivert frå originalen 6 November 2012. Henta 6. september 2010. 
  26. «Hefei, Anhui Province». Arkivert frå originalen 20 December 2008. Henta 23. desember 2008. 
  27. «AAAAA Scenic Areas». China National Tourism Administration. 16. november 2008. Arkivert frå originalen 4. april 2014. Henta 9. april 2011. 
  28. Heiss, s. 132

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Huangshan

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Huangshan frå Wikivoyage