Huanggang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huanggang
byprefektur
Statue av Su Shi i Huanggang.
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 17 457,2 km²
Folketal 5 882 719 (2020)[1]
Kart
Huanggang
30°27′00″N 114°52′30″E / 30.45°N 114.875°E / 30.45; 114.875
Plasseringa av Huanggang (gul) i Hubei
Plasseringa av Huanggang (gul) i Hubei
Plasseringa av Huanggang (gul) i Hubei
Wikimedia Commons: Huanggang, Hubei

Huanggang (kinesisk skrift 黃冈市, pinyin Huánggāng Shì) er eit byprefektur heilt aust i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i aust grensar til provinsen Anhui og i sør til provinsen Jiangxi, har eit areal på 17 453 km² og hadde i underkant av 6,2 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Huanggang omfattar to bydistrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og sju fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Huanggang har ein variert økonomi, alt frå bio- og urtemedisin til landbruk, matindustri og turisme. Byprefekturet er særleg kjend for sine økologiske grønsaker. Luotian er det fylket i Kina som avlar flest kastanjenøtter. Yingshan fylke er kjend for sin grøne te, medan Qichun er kjend for urtemedisin. Macheng er eit modellfylke i storfeavlen, og Huangmei eit senter for produksjon av ferskvassreker og jade.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 106 i Kina går gjennom området. Han strekker seg frå Beijing og er innom mellom andre Hengshui, Kaifeng, Ezhou og Shaoguan på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Huanggang