Pinus hwangshanensis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Huangshanfuru)
Pinus hwangshanensis
Pinus hwangshanensis
Pinus hwangshanensis
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Furuslekta Pinus
Art: P. hwangshanensis
Vitskapleg namn
Pinus hwangshanensis

Pinus hwangshanensis,[1] Huangshan-furu, er ein furuart som er endemisk for fjella i austlege Kina, i provinsane Anhui, Fujian, Guizhou, Hubei, Hunan, Jiangxi og Zhejiang. Det har namn etter Huangshanfjella i Anhui, der det først blei skildra vitskapleg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nærbilde av bar og knoppar.

Pinus hwangshanensis er eit eviggrønt tre som kan bli 15-25 meter høgt. Det har ei svært brei krone med flat topp og lange utstrekte greiner. Borken er tjukk, gråleg og skjelete. Blada er mørkegrøne barnåler som blir 5–8 cm lange og 0,8–1 mm breie, dei sit parvis med ei hylse som er 1 cm lang. Dei eggforma konglane er tjukke og samantrykte med ei lengd på 4-6,5 cm. Dei er gulbrume, og opnar når dei er mogne seint på vinteren. Frøa har venger. Dei er 5–6 mm lange med venger på 1,5-2,5 cm. Pollinering skjer midt på våren, og konglane mognar 18–20 månader seinare.

P. hwangshanensis er nært i slekt med japanske P. thunbergii, men skil seg frå denne ved å ha tynnare bar, brune (ikkje kvite) knoppar og tjukkare konglar.

Utbreiing og kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Furua i Huangshan-fjella.
Huangshan-furu frå Hangzhou-området, måla av Ma Lin i 1246.

Huangshan-furu veks typisk på middels til store høgder i bratte, steinete fjell. Dei er ein viktig del av det særmerkte landskapet i austlege Kina. Mange enkelttre er blitt vyrda for sine unike former. Dei er ofte blitt avbilda i kinesiske måleri.

Treverket til furua er av høg kvalitet, og har vore brukt til bygging av hus og bruer og til jernbanesviller. Det blir også brukt til golv, panel, gjerde, kryssfinér og papirmasse. Furua er også omtykt som bonsaiplante.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pinus hwangshanensis_IUCN RedList». 
  2. Farjon 2010, s. 687–688.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pinus hwangshanensis
  • Gymnosperm Database: Pinus hwangshanensis
  • Huangshan pine on Huang Shan (photos)
  • Fu, Songling, et al. "[Relationship between light and regeneration character of Huangshan pine]." The journal of applied ecology 11.6 (2000): 801-804.
  • Wu, Zemin, Chenglin Huang, and Chaoling Wei. "Light effect of gaps in Huangshan pine community and regeneration of Huangshan pine." The journal of applied ecology 11.1 (2000): 13.