Huaoraniar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huaoraniar i tradisjonell drakt i ein kano.

Huaorani, òg kjent som waorani (quechua for 'vill'), auca, waodani og aushiri er eit samfunn av urfolk med territorium i Amazonasregionen i Ecuador. Landet som denne folkegruppa har hatt hevd på er for tida truga både av ulovleg skoghogst og av petroleumsverksemda i Ecuador. Territoriet ligg mellom Curarayelva og Napoelva, kring 80 km sør om Puerto Francisco de Orellana (El Coca). Det er ca. 190 km breitt og 120 til 160 km i utstrekking frå sør til nord. Huaoranifolket har forsvara landet sitt mot indianske fiendar og mot kvite kolonistar (referert til som cowode, 'ikkje-menneske',[1] 'framande',[2] 'villmenn' eller 'kannibalar'[3]).

Huaoraniane snakkar språket huao terero, eit isolert språk. Samfunnet tel omkring 2000 menneske. Gjennom dei siste førti åra har dei vorte eit bufast folk som for det meste bur i permanente skogsbusettingar. Så mange som fem samfunn, tagaeri, huiñatare, oñamenane og to grupper av taromenane har gjeve opp all kontakt med ikkje-huaoraniar og flyttar stadig vidare inn i meir isolerte område, oftast i retning mot den peruanske grensa.

Hausten 2008 vart folkegruppa kjend i Noreg gjennom underhaldningsserien Den store reisenNRK, der ein norsk familie budde i eit huaoranisamfunn ei stund. Serien utløyste ein viss debatt då NRK vart skulda for å framstilla huaoraniane sitt tilvære som meir primitivt enn det eigentleg er.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Ein turist får prøva blåserøyr i ein huaroanilandsby.
Foto: Julia Rubinic

Ordet huaorani betyr ganske enkelt 'menneske' på huao terero. Før ca. 1950 var ordet brukt berre om dei som var i slekt med talaren. Dei andre i folket vart då kalla huaomoni, medan dei utanfor folkegruppa vart omtale med den nedsettande termen cowode. Ein slik struktur dupliserer konvensjonen «innanfor-utanfor gruppa» som mange folkeslag nyttar (til dømes dei jødiske referansane jødar og goyim), og dette kan indikere ein traumatisk periode med konfliktar mot utanomverda i gummiboomen frå midten av 1800-talet og litt utover 1900-talet.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Huaoranifolket består av undergruppene toñampare, quenahueno, tihueno, quihuaro, damuintaro, zapino, tigüino, huamuno, dayuno, quehueruno, garzacocha (río yasuní), quemperi (río cononaco) mima, caruhue (río cononaco) og tagaeri.

Teknologi[endre | endre wikiteksten]

Huaoraniindianarane har utvikla kunnskap om plantelivet i den kringliggande regnskogen. Ein slik godt utvikla dugleik er å ekstrahere ut curare, eit potent neurotoksin, og å nytte det på pilar for blåserøyr, både til jakt og i krig. Curare paralyserer dyr og menneske som vert trefte. Blåserøyr er det viktigaste våpen i huaoranikulturen. Desse kan gjerast 3,6 meter lange.

Somme huaoraniar tek del i eit etnobotanisk prosjekt som dokumenterer og tar vare på kunna om det å ta nytte frå plantelivet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Huaoranileiar.

Verdssyn[endre | endre wikiteksten]

Huaoraniarane sitt animistiske verdsyn skil ikkje mellom den fysiske og åndelege verda, det åndelege er tilstades alle stader. Ein gong trudde dei at heile verda var ein einaste skog, dei nyttar derfor same ord for begge delar. Den kulturelle og fysiske eksistensen deira var avhengig av regnskogen i Amazonas. Alt innanfor skogen var heimen, medan alt utanfor tydde utryggleik. Livsforma i skogen gav vern mot hekseri og angrep frå nabofolk. Kort sagt slik som ein huaoraniindianar har sagt det: elvene og trea er livet vårt.[4] På alle måtar er skogen voven inn i strukturen og livsoppfatninga åt kvar huaoraniar. Dei har usedvanleg detaljert kunnskap om geografi og økologi.

Plantar og spesielt trevekstar er av stor interesse for huaoranifolket. Dei eig eit omfattande register av oppsamla botanisk lærdom om materialar som kan foredlast til alt frå giftstoff til hallusinogen og medisinar. Nokre treslag er spesielt vonfulle, canopytre med sine tydelege farga unge lauvblad og iaugefallande transformasjonar medan dei modnast til tårnhøge gigantar, dei er ovundra for sine enkeltstilte karakterar … så vel som for sine overdådige samanfiltingar med andre plantar. Andre utsegnskraftige tre er banebrytande artar av pærepalme (nytta til spyd og blåserøyr, så vel som til kjelde til frukter), og hurtigveksande balsatre nytta til seremonielle føremål. Pærepalmen er assosiert til tidlegare busettingar og forfedrar til dei som bur der no.[5]

Huaoraniarane trur at dyra i skogen har eit åndeleg nærvær like naturleg som den fysiske eksistensen. Menneske som døyr og ikkje lukkast i å gå over til sfæren til dei døydde kjem tilbake til jorda som dyr, mest ofte termittar. Det er det som ligg under ein underleg blanda praksis kor huaoranifolket både aktar og respekterer dyr, men ikkje slik at det skyttar dyrelivet mot at menneske gjer nytte av dyra.

Jakta gjev ein stor del av føda til huaoraniarane, og har òg monaleg kulturell tyding. Apekattar, fuglar og navlesvin var tradisjonelle jaktbytte. Dei jaktar korkje rovfuglar eller andre predatorar. Det finst òg tallause tabu knytt til jakt og mat. Dei nektar å ete hjortedyr grunngjeve med at dyreaugo har likskap med menneskeaugo. Om jakta er ein morosam aktivitet, har ho etiske utlauparar: «Huaoraniarane må drepe dyra for å livberge seg, men dei trur ånda åt eit drepe dyr lever vidare og må forsonast med, elles vil det gjere skade med vreid gjengjelding.» (Seamans 1996) Som ei bot mot skaden som jakta fører med seg demonstrerer ein sjaman respekt med ein rituell framstilling av curaregift som vert bruka på blåsepiler. Om ein jaktar med slike piler drep ein ikkje, men haustar inn overskot frå skogen. På den andre sida: å ta livet av eit navlesvin med spyd er drap og er utført med vald og raseri.[6]

For huaoraniarane har to andre dyreartar ein spesiell status, det er slangen og jaguaren. Jakt førekjem aldri på desse artane. Dei reknar slangar å vere «den vondaste krafta i huaorani kosmologi», spesielt den skremmande anakondaen, eller obe. Ein gigantisk obe sperrar vegen som dei døde føljer til æva hos skaparen i himmelen. Her på jorda er slangar eit mykje dårleg omen og å drepe ein er eit kraftfullt tabu.

Huaoraniarane identifiserer seg sterkt med jaguaren, ein viktig majestetisk predator i Orienteregionen. Ein myte fortel at huaorani er etterkommarar etter artskryssing av jaguar og ørn. Eldre menneske vert sjamanar gjennom å biletleg å ta til seg «sønene åt jaguaren», sønene gjev sjamanen medisinsk og åndeleg kunnskap.

Lik mange andre folkeslag, definerer huaoranifoket sterkt skilet «innanfor-utanfor gruppa» mellom huaorani (slektningar) huaomoni (dei andre i kulturen som ikkje er i slekt med vedkommande) og cowode, andre menneske som skildrast som inhumane kannibalar. Ein kjenner ikkje om synet deira på framande kan daterast før slaveriet og kidnappinga som hende under gummiboomen på 1800-talet. Bruken av huaorani som term for heile huaoranikulturen skreid fram etter ca år 1950 i ein etnogenesisk prosess som akselererte sterk ved skipinga av ONHAE (sjå bolken Politisk reorganisering av samfunnet under), ei radioteneste og ein fotballliga.

Oppfattinga av tidsomgrepet i kulturen er spesielt orientert om notida med berre få forpliktingar som strekkjer seg frametter eller baketter i tid. Deira eine ord for «framtid» er baane, og tyder òg «i morgon».[7]

Seinare historie[endre | endre wikiteksten]

Huaoraniungar i Ecuador i 2008.

I tida då den andre verdskrigen gjekk føre seg var det ein sterk auke i drap mellom huaoraniklanane. Dette tok livet av så mykje som 60 % av alle huaoraniar. Mykje tyder på at desse drapa hang saman med hemn etter dødsfall som mest sannsynleg kom frå sjukdomar ført inn av framande folk. I 1956 kom det ei gruppe av misjonærar frå Sambandsstatane som tok kontakt med huaoranifolket. Gruppa var leia av Jim Elliot og piloten Nate Saint. Alle misjonærane vart drepne. Nate si søster, Rachel Saint, hadde før dette oppretta vennskap med ei huaoranikvinne som heter Dayuma. Det er sagt at Dayuma sin bror vart drepen av misjonærar.[8] Men vitneutsegn frå krigarar som var til stades hos misjonærane stør ikkje påstandane om at misjonærane drap nokon.[9] Det er ikkje strid om at dei fleste frå Dayuma sin klan vart drepne i kampar mellom huaoraniklanane. Paret starta evangeliseringa, det hjelpte for å stoppe klandrap, men uheldigvis førte det og med seg at leiting etter petroleum auka i område. Mange huaoraniindianarar vart deporterte til protektorat under leiing av SIL International (SIL).

Så snart SIL-misjonærane fekk kontroll over skolane åt huaoranifolket vart det freista å erstatte «sataninspirert» folketradisjonar med kristen tradisjon. Det vart også prøvd å innføre jordbruk for å skaffe innkomme frå ecuadoriansk eksport av jordbruksvarer. Skolelærarane underviste at livet i skogen ikkje var «sivilisert liv» og dei underviste om europeiske erstatningar for tradisjonelle varer og plantar som huaoraniarane brukte. Lærarane var ofte quechuaer frå naboområde. Dei introduserte også nye styringssystem i skolen.

Tilslutt bad SIL Rachel Saint forlate området grunna innverknaden som misjoneringa gav huaoranikulturen. Oppmodinga kom etter råd frå antropologen James Yost. Men i staden for å forlate området gjekk Saint ut av SIL og heldt fram med samarbeidet med den ecuadorianske regjeringa. I etterkant har 100 km av Vía Auca (mest kjent som aucas eller savages, norsk: «det ville folket sin veg») sett oppreising av petroleumsutforsking og nybyggingar.

Politisk reorganisering av samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Alicia Cahuiya frå Nacionalidad Waorani del Ecuador (NAWE) talar i 2015.

Før 1989 var huaoranisamfunnet svært splitta og politisk uorganisert. Der var to busettingar under påverknad frå misjonærar, stadane Rachel Saint's (Toñampare) og Dayuno. I tillegg til desse var det andre klanar medrekna tagaerigruppa. Endå huaoranifolket overlevde og var sterkt, var samfunnet nesten fullstendig kontrollert av misjonærar, det fanst inga røyst til å kommunisere til verda utanfor.

Men i 1989 freista somme huaoraniindianarar å omgruppere samfunnet. Ñihuarigruppa med over 60 medlemer, forlét Dayuno, reiste til Shiripunoelva kor dei tufta Quehueire Ono-samfunnet. Hovudføremålet med busettinga var å skape eit samfunn som var heilt åtskild frå misjonsstadane, dominansen frå misjonærane og å gå attende til den opphavlege huaoranikulturen. Dei ville ikkje gje opp alle moderne reiskap og ordningar, dei starta ei skole i busettinga i 1990, takka vere middel frå regjeringa i Napoprovinsen. Innan 1993 var samfunnet i Quehueire Ono nest største huaoranigruppa med ca 223 medlemer.

I mars 1990 vart ein ny organisasjon skipa, kalla ONHAE, The Organization of the Huaorani Nation of the Ecuadorian Amazon; akronymet tyder blomster. Organisasjonen CONFENIAE, The Oriente Indigenous Confederation, hjelpte til med skipinga og ONHAE vart seinare medlem av CONFENIAE. Hovudføremålet med ONHAE var å skaffe ein huaoranirepresentasjon i tingingar med den ecuadorianske regjering, med oljeselskapa og andre cowode aktørar. Takka vere CONFENIAE, fekk huaoranisamfunnet eit legalt eigarskap på meir enn 6 700 km² landterritorium, rundt rekna ein tredel av deira tradisjonelle territorium. For tida driver ONHAE etter prinsippet med å halde forsamlingar som trekkjer konsensus (biye på huao terero) frå ulike kontakta huaorani samfunnsgrupper.

I august 2005 vart det samankalla over 250 huaoraniar til eit møte i Tiwino-samfunnet i Orellanaprovinsen. Møtet avslo meir oljeboring, og peika ut ti huaoraniar som dei skulda for å vere kjøpte av oljeselskapa for å tinge utan brei stønad frå huaoranisamfunnet. Leiarskapet i ONHAE per januar 2006 var Nancano Enomenga (president), og Moi Enomenga (visepresident).

Rettar til land[endre | endre wikiteksten]

Huaoraniar ved eit tradisjonelt langhus.

I 1990 fekk huaoranifolket rettar til eit reservat med ei flatevidd på 6 125, km² noko som gav folket sjansen til ein delvis sjølvstyrt eksistens. Avgrensinga mot territoriet skal verte markert av eit kjenneleg band av monokultur trevekstar for å motverke kolonisering.

Landrettane gjeld berre overflata, dei femnar ikkje om rettar til mineral eller petroleum under bakken. Dei ecuadorianske føderale styresmakta held fram med å gje multinasjonale oljeselskap løyve til å bore etter olje i huaoranireservatet. Innanfor areala kor huaoranireservatet overlappar Yasuní nasjonalpark finst det i ei viss grad skydd mot miljøskadar og i tillegg er det oppretta ei vernesone for å unngå kontakt med undergruppa tagaeri.

Konflikten om rettar til oljeboring toppa seg enda ein gong i 2005. Mange huaoraniar utfordra den nasjonale regjeringa verbalt om lisensen for blokk 31 til Petrobras til å bore innanfor eit areal på 1 000 km² inne i Yasuní. Ein delegasjon av over 100 huaoraniar til Quito oppfordra den nasjonale regjeringa og den brasilianske presidenten Lula da Silva om å stoppe aktiviteten i Yasuní.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. James A. Yost, «Waorani», www.encyclopedia.com (Encyclopedia.com), henta 24. august 2020 
  2. Judith Kimerling, HABITAT AS HUMAN RIGHTS: INDIGENOUS HUAORANI IN THE AMAZON RAINFOREST, OIL, AND OME YASUNI (PDF), s. 451 
  3. «Waorani Indians : History perspective, article page 7 of 15», www.lastrefuge.co.uk, henta 24. august 2020 
  4. Kane 1995:199
  5. Rival 1993
  6. Rival 2002
  7. Rival 2002
  8. Rival 2002
  9. Beyond the Gates of Splendor 2005
  • Kane, Joe Crisis Under the Canopy: Tourism and Other Problems Facing the Present Day Huaorani, Abya-Yala (1993)
  • Smith, Randy Savages, Alfred A. Knopf (1995)
  • Laura Rival, Right to a way of life, Resurgence 189.
  • Laura Rival. “The Growth of Family Trees: Understanding Huaorani Perceptions of the Forest.” Man 28 (December 1993), 635-652.
  • Huaorani Elect New Anti-Oil Officer to ONHAE, the Huaorani Government
  • Joe Seamans, The Last Shaman, NOVA website. 1996.
  • Beyond the Gates of Splendor, Documentary 2005.
  • End of the Spear, Film 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]