Romteleskopet Hubble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hubble Space Telescope)
Romteleskopet Hubble.

Romteleskopet Hubble (engelsk Hubble Space Telescope) er eit teleskop ute i verdsrommet som går i bane rundt jorda. Romteleskopet er kalla opp etter den amerikanske astronomen Edwin Hubble og vart sendt opp med romferja Discovery den 24. april 1990. Eigentleg skulle romteleskopet sendast opp tidlegare, men det vart utsett etter Challenger-ulykka.

Romteleskopet vart halde ved like ved å sende astronautar opp for å gjere regelmessige vedlikehald. Fire gonger har romferjer dradd ut i verdsrommet til teleskopet. Romteleskopet skulle etter planen gjennomgå eit nytt vedlikehald i 2005, men det såg lenge ut til at det ikkje ville verte noko nytt vedlikhald då ein mista romferja Columbia og mannskapet i 2003. Dermed ville ikkje NASA bruke dei resterande romferjene på oppdrag som ikkje gjekk til den internasjonale romstasjonen. På grunn av dei forskjellige banene til Hubble og romstasjonen, ville ikkje astronautane om bord kunne søkje naudhamn om noko skulle skje. Ein siste servicetur fann likevel stad i 2009.

Romteleskopet Hubble vart avløyst av James Webb-teleskopet. Hubble vil likevel vere operativt på ubestemd tid. Ved nedlegging vil NASA trygt få teleskopet ut av bana si.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Garner, R. (22. desember 2022). «NASA, SpaceX to Study Hubble Telescope Reboost Possibility». NASA. Henta 29. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]