Hubert Parry
| Hubert Parry | |||
| | |||
| Fødd | 27. februar 1848 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Bournemouth | ||
| Død | 7. oktober 1918 (70 år) | ||
| Dødsstad | Rustington | ||
| Fødenamn | Hubert Hastings Parry | ||
| Opphav | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia | ||
| Sjanger | symfoni | ||
| Verka som | komponist, musikkforskar, musikkpedagog, universitetslærar | ||
| Mor | Anna Maria Isabella Fynes-Clinton | ||
| Far | Thomas Gambier Parry | ||
| Gift med | Elizabeth Maude Herbert | ||
| Born | Dorothea Ponsonby, Gwendolen Maud Parry Greene | ||
| Prisar | Knight Bachelor, baronett | ||
Charles Hubert Hastings Parry (27. februar 1848–7. oktober 1918) var ein britisk musikkhistorikar, pedagog og komponist som verka i London og Oxford.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Parry var fødd i Bournemouth i Dorset. Han blei professor i komposisjon ved det nyoppretta Royal College of Music i London 1883 og rektor ved same stad i 1894. I tillegg var Parry professor ved Universitetet i Oxford 1900-1908. Han var ikkje berre verksam som komponist på dei fleste musikkområda, men òg som forfattar. Han gav blant anna ut The evolution of the art of music (1896) og Style in musical art (1911).[1]
Blant verka hans er truleg salmen «Jerusalem», til teksta av den romantiske diktaren William Blake, mest kjend internasjonalt. Særleg i heimlandet blir også An English Suite for strykeorkester spelt ein del. Solosongane hans er også kjende.
Parry er representert i Norsk Salmebok med nr. 415, «Du Far og Herre, du som rår».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Svensk Uppslagsbok, Malmö 1937
- Denne artikkelen bygger på «Hubert Parry» frå Wikipedia på svensk, den 5. august 2025.