Hopp til innhald

Hubertine Auclert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubertine Auclert

StatsborgarskapFrankrike
Fødd10. april 1848
Saint-Priest-en-Murat
Død

8. april 1914 (65 år)
11. arrondissement

Yrkejournalist, kvinnesaksforkjemper, redaktør, stemmerettsforkjempar, bibliotekar
Språkfransk
EktefelleAntonin Lovrier
Hubertine Auclert på Commons

Hubertine Auclert (10. april 18484. august 1914) var ein fransk kvinnesaksforkjempar og skribent som særleg gjekk inn for røysterett for kvinner og retten for kvinner til å stilla til val. Ho var den første dokumenterte kvinnesaksforkjemparen som brukte nemninga «feminist», i 1882.

Auclert var fødd i landsbyen Saint-Priest-en-Murat i Auvergne i ein middelklassefamilie. Faren døydde då ho var tretten, i 1861, og mora fem år seinare, i 1866. Auclert blei utdanna i kloster, og tenkte ei tid på å bli nonne. Ho blei avvist av to kloster, det siste fordi ho var «for sjølvstendig», og uttrykte seinare sterke antiklerikalske haldningar. Ho forlét klosterlivet og slo seg i staden ned i Paris.

Hubertine Auclert kom frå ein republikansk familie, og var sjølv sterk republikanar. Ho blei kjend med forfattaren Victor Hugo som fekk henne med i avisa l'Avenir des femmes, som var driven av Maria Deraismes og Léon Richer. Inspirert av deira tankar grunnla Auclert i 1876 laget Le droit des femmes ('kvinneretten') som i 1883 bytta namn til Le suffrage des femmes ('kvinnerøysteretten'). I 1881 grunnla Auclert avisa La citoyenne, hovudsakleg for å kjempa for fulle demokratiske og borgarrettar for franske kvinner. Av alle rettane kvinner mangla på denne tida meinte ho dei demokratiske rettane måtte koma før dei sivile, som eigedoms- og skilsmisserettar.

I 1880 byrja Auclert ein skattestreik ettersom ho ikkje hadde røysterett. Ho tapte saken i den franske høgsteretten, men blei vener med ein av dei juridiske rådgjevarane sine, Antonin Lévrier, og gifta seg med han i 1887. Hubertine Auclert budde med ektemannen i Algerie frå 1888 til 1892. Auclert og medskribentar fann at «usiviliserte» kvinner kunne ha høgare status og betre liv enn kvinner i «siviliserte» Frankrike.

Då dei franske styresmaktene tillét skilsmisse i 1884 kritiserte Auclert loven for å framleis fråta kvinna løna hennar. Ho gjekk inn for ein ekteskapskontrakt der ektefellane hadde separate eigedelar. Gifte kvinner fekk kontroll over si eiga lønning i 1904, men hadde framleis ikkje stemmerett. Dette året knuste ho ein stemmeboks under kommunevalet i Paris. I 1910 stilte ho og Marguerite Durand til parlamentsvalet i protest mot styresmaktene, men blei ikkje uventa forkasta.

Hubertine Auclert fortsette som aktivist fram til ho døydde i 1914, 65 år gammal. Ho blei gravlagd ved Père Lachaise-kyrkjegarden i Paris. Franske kvinner fekk røysterett i 1944.