Hui

Koordinatar: 59°07′16″N 10°21′32″E / 59.12111°N 10.35889°E / 59.12111; 10.35889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hudø)
Hui
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°07′16″N 10°21′32″E / 59.12111°N 10.35889°E / 59.12111; 10.35889

Areal 1,4 km²

Høgaste punkt 34 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Hui,[1] Hudøy eller Hudø er ei øy i Tønsbergfjorden i Færder kommune. Hudøy er på rundt 1,4 km² og har ein flott natur med alt frå svaberg, knausar og knattar til urørt skog.

Hui er ei av øyane i Tjøme sin skjergard som tidlegare hadde fast busetnad, men øya har ikkje vore busett sidan 1985. Rundt hundreårsskiftet budde det omkring 150 menneske der. Dei fleste levde av ein kombinasjon av jordbruk, fiske og skipsfart.

Øya er eigd av Oslo kommune, og er mest kjend for sine feriekoloniar eller sommarleirar for vanskelegstilte born frå byen. Feriekolonidrifta byrja på Hui i 1916. Feriekoloniane vart tidlegare drive direkte av Oslo kommune, men frå 1991 har kommunen samarbeida med Kirkens bymisjon gjennom Stiftinga Hudøy. Hudøy har i dag 59 bygg fordelt på 11 leirstader.

Forfattarane Alf Larsen (1885-1967) og Aasmund Brynildsen (1917-1974) kom begge frå Hudøy. Brynildsen utgav i 1974 memoarboka Hudø. Bilder fra en barndom med illustrasjonar av grafikaren Hans Gerhard Sørensen (1923-1999).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hui». Kartverket / Faktaark. Henta 24. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]