Huddersfield Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Huddersfield Town Association Football Club er ein fotballklubb heimehøyrande i Huddersfield i West Yorkshire i England. Klubben vart skipa 15. august 1908 og vart to år seinare medlem i Football League. Klubben spelar i blå-og-kvitstripete trøyer, kvite bukser og svarte strømper. Heimebane sidan 1994 har vore Kirklees stadion, ei bane med plass til 24 121 tilskodarar.

Huddersfield Town var i tida 1920-38 eit av storlaga i engelsk fotball. Klubben deltok i fem FA-cupfinalar og vart seks gongar nummer 1 eller 2 i ligameisterskapen. Huddersfield Town henta heim FA-cuppokalen i 1922 og sikra seg ligatrofeet i 1924, 1925 og 1926.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Huddersfield Town