Hudningsvatnet

Koordinatar: 64°52′32″N 13°47′39″E / 64.87556°N 13.79417°E / 64.87556; 13.79417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hudningsvatnet
Hutnegejaevrie
innsjø
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Røyrvik
Høgd over havet 464 moh.
Areal 6,73 km²
Kystlengd1 21,98 km
Koordinatar 64°52′32″N 13°47′39″E / 64.87556°N 13.79417°E / 64.87556; 13.79417
Kart
Hudningsvatnet
64°52′32″N 13°47′39″E / 64.875556°N 13.794167°E / 64.875556; 13.794167
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hudningsvatnet (òg kalla Huddingsvatnet; samisk Hutnegejaevrie) er ein innsjø i Røyrvik kommune i Trøndelag fylke. Elvane Renselelva (frå Renselvatnet) og Orvasselva (frå Orvatnet i Joma) renn ut i den austlege delen av sjøen. I vest finn ein utløpet, der Hudningselva renn vidare til Vektaren. Sjøen er langstrekt og nesten delt i to av små øyar og grunne sund.

På grunn av omfattande forureining frå Grong Gruber vart den 2,8 km² austlege (indre) delen av sjøen i 1989 avstengd med terskel midtvegs, og samstundes underlagt overvaking av forureiningsnivået (NIVA). Orvasselva er ført forbi dette no avstengte bassenget og renn ut i det som no har vorte eit langt reinare vassdrag. Fram til avstenginga hadde all avgang frå gruvene gått ut i vassdraget.

Første busetnad ved sjøen var samisk, omtrent på 1800-talet. Sjøen er eit populært fiskevatn for grunneigarane. Både aure og røye finst i vatnet, og ørekyte kom i 1975. Det kjente Jomaløpet vert arrangert langs Hudningsvatnet, med oppstart i Joma og avslutning i Røyrvik sentrum.