Hudson Bay Lowlands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hudson Bay Lowlands
våtmark
Land  Canada
Kart
Hudson Bay Lowlands
54°45′N 83°00′W / 54.75°N 83°W / 54.75; -83

Hudson Bay Lowlands er eit stort våtmarksområde som ligg mellom Det kanadiske skjoldet og dei sørlege breiddene av Hudsonbukta og Jamesbukta. Mykje av området ligg i provinsen Ontario, med mindre delar i Manitoba og Quebec. Det renn fleire vide og sakterennande elver gjennom området til havet i Hudsonbukta. som Churchill, Nelson og Hayes i Manitoba, Severn, Fawn, Winisk, Asheweig, Ekwan, Attawapiskat og Albany i Ontario og Harricana, Rupert og Eastmain i Quebec.[1] Våtmarka er den største i Canada, og ei av dei største i verda.[2] Området kan delast inn i tre band som går omtrent frå nordvest til søraust: Coastal Hudson Bay Lowland (ei smal stripe langs nordkysten),[3] Hudson Bay Lowland (eit breiare band som når litt sør for Ekwanelva)[4] og James Bay Lowland som omfattar resten av dei sørlege og austlege delane, nær halvparten av heile landområdet.[5]

Heile området var dekt av is under den siste istida, og torvmarkene er blitt danna gjennom dei siste ti tusen åra. Det finst både plantar frå meir tempererte område og arktiske artar her.[6] Ein stor del av våtmarka er torvmyr, men det finst saltmyrer langs kysten, og myrer og våte enger langs dei store elvene. Våtmarkene dannar eit viktig habitat for trekkfuglar, mellom dei strandfuglar (som okerrikse, Coturnicops noveboracensis) og vassfuglar (som snøgås). Store pattedyr her er mellom anna isbjørn og jerv.[7]

Hudson Bay Lowlands dekkjer omtrent det same området som taiga-økoregionen i den sørlege Hudsonbukta.
Snøgjæser trekker nordover kvart år for å formeira seg i kystmyrene i Hudson Bay Lowlands.

Tidleg busetnad og utforsking[endre | endre wikiteksten]

Ojibwa- og creefolk var truleg kjende med området, men slo seg ikkje ned her på grunn av dei harde, våte tilhøva her. Då europearar kom til området skipa Hudson's Bay Company handelpostar som Rankin Inlet, der nokre framleis er folkesette. Desse stadane voks aldri til å bli større byar, igjen på grunn av dei vanskelege tilhøva og klimaet. Det finst nokre få små First Nations-busetnader bed sørbreidda av Hudson Bay Lowlands på stader som Moose Factory, Moosonee, Attawapiskat og Fort Severn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Området har namn etter Hudsonbukta eller Hudson Bay, det nest største grunnhavet i verda. Elvar som Churchill, Severn og Attawapiskat renn gjennom området og munnar ut i bukta. Regionen ligg heilt nord i Ontario, og strekk seg inn i Manitoba i vest og Quebec i aust. Han dekkjer rundt 25 prosent av den totale landmassen i Ontario (runt 228 400 km2). Ulike typar myr dekkjer det meste av ormådet. Klimaet er sterkt prega av vatnet i bukta, som blir raskt varma opp om sommaren, slik at isen smelter og låglandet får nedbør. Om vinteren frys bukta over igjen, slik at området får låge temperaturar og vind. Vegetasjonen er hovudakleg barskog og torvmyr, med typiske subarktiske og boreale plantar.[8]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Barskogen blir nytta til skogbruk i reigionen. Turistindustrien har også auka, med flugefiske og ekskursjonar for å sjå kvitkval og sel som døme.[9]

Det finst også ein stor del viktige mineral i Hudson Bay Lowlands, som krom og nikkel. Det er gjort framlegg om å vinna ut nokre av desse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Canadian Encyclopedia - Hudson Bay, arkivert frå originalen 14. mai 2012, henta 17. juli 2022 
  2. Abraham, K.F. and C.J. Keddy. The Hudson Bay Lowland. Pages 118–148 in L.H. Fraser and P.A. Keddy (eds.). 2005. The World's Largest Wetlands: Ecology and Conservation. Cambridge University Press, Cambridge, UK. 488 p.
  3. Coastal Hudson Bay Lowland ecozone profile
  4. Hudson Bay Lowland ecozone profile
  5. James Bay Lowland ecozone profile
  6. Riley, John L. 2003. Flora of the Hudson Bay Lowland and its Postglacial Origins. NRC Research Press, Ottawa, Canada. 236 p.
  7. Abraham, K.F. and C.J. Keddy. The Hudson Bay Lowland. Pages 118–148 in L.H. Fraser and P.A. Keddy (eds.). 2005. The World's Largest Wetlands: Ecology and Conservation. Cambridge University Press, Cambridge, UK. 488 p.
  8. Riley, John L. 2003. Flora of the Hudson Bay Lowland and its Postglacial Origins. NRC Research Press, Ottawa, Canada. 236 p.
  9. «Tourism». Town of Moosenee. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]