Hudson Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 74°20′S 99°25′W
Hudson Mountains
fjellkjede
none  Hudson Mountains
Hudson Mountains
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Ellsworth Land
 - koordinatar 74°20′S 99°25′W
Høgaste punkt
 - høgd 749 moh
Type Stratovulkanar
siste utbrot 1985?
Hudson Mountains is located in Antarktis
Hudson Mountains (Antarktis)

Hudson Mountains er ei gruppe vulkanske nunatakar i det antarktiske isdekket Vest i Ellsworth Land. Dei ligg like aust for Cranton Bay og Pine Island Bay ved austenden av Amundsenhavet og grensr i nord til Cosgrove isbrem og i sør til Pine Islandbreen.[1]

Fjella vart oppdaga av medlemmar av på flyturar frå USS «Bear» i februar 1940, og ytterlegare skissert frå flyfoto tekne under USN Operasjon Highjump i desember 1946. Heile gruppa vart kartlagd av USGS frå US Navy flyfoto i 1966. Dei vart namngjevne av US-SCAN etter kaptein William L. Hudson, kaptein på «Peacock» under av US Exploring Expedition, 1838-42. «Peacock» og «Flying Fish» under løytnant Walker, segla langs kanten av pakkisen nord for området i fleire dagar mot slutten av mars 1839.[1]

Fjella er lite eroderte og det vart observert damp frå fjella i 1974, og ikkje-stadfesta rapportar om eit utbrot oppdaga av satellittar i 1985. Fjella kan derfor vere aktive vulkanar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]