Huey Long

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huey Long

Fødd30. august 1893
Winnfield
Død10. september 1935 (42 år)
Statsborgar avUSA
PartiDet demokratiske partiet i USA
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedTulane University
University of Oklahoma
Tulane University Law School
EktefelleRose McConnell Long
BarnRussell B. Long
Alle verv
  • Governor of Louisiana (1928–1932)
  • senator i USA (1932–1933)
  • senator i USA (1933–1935)
  • senator i USA (1935–1935) Sjå dette på Wikidata

Huey Pierce Long, Jr. (30. august 189310. september 1935) var ein USA-amerikansk politikar frå Louisiana. Long var guvernør i Louisiana frå 1928 til 1932 og senator frå 1932 til 1935. Han var demokrat, kjent for sin radikale, populistiske politikk. Long støtta Franklin D. Roosevelt ved presidentvalet i 1932, men trekte støtta til president Roosevelt i juni 1933.

Huey Long var svært populær i Louisiana for sitt sosiale reformprogram og viljen til kraftfull handling. Motstandarane skulda han for diktatoriske tendensar. 8. september 1935 vart han skadeskoten i delstatsparlamentet i Baton Rouge. To dagar seinare døydde han. Dei siste orda han ytra skal ha vore: «Gud, ikkje lat meg døy, eg har så mykje eg skulle gjort.»

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Registrasjonskort for Long under første verdskrigen.

Long kom til verda i Winnfield, eit jordbrukssamfunn omtrent midt i delstaten Louisiana. Her dreiv faren ein gard, familien vart rekna som middelklasse. Long gjekk på lokale skular, han var ein dyktig elev. Etter skuletida dreiv han i fire år som omreisande seljar. Han selde bøker, patentmedisinar, hermetikkvarer og tok oppdrag som auksjonarius.

I 1913 gifta Long seg med stenografen Rose McCannell. Han studerte jus ei kort tid ved eit universitet i Oklahoma, før han heldt fram jusstudiane ved Tulane University Law School i New Orleans. I 1915 overtala han eksamensstyret å late han, etter berre eitt år, gå opp til sakførareksamen. Han stod, og opna deretter praksis i Winnfield og sidan i Shreveport. I mange saker representerte han «små» saksøkarar i tvistar med store forretningsselskap.

Long vart berømt etter å ha saksøkt det mektige Standard Oil Company for regelstridig forretningspraksis. Også seinare heldt Long fram med å utfordre Standard Oil, han påklaga selskapet for å ha utbytta staten Louisiana og statens enorme olje- og gassressursar.

Politisk aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etter ein omfattande valkampanje vart Long i 1918 vald inn i Louisiana Railroad Commission på eit program mot Standard Oil. Plassen sin i kommisjonen brukte han til å forsterke oppfattinga om at han var ein motstandar av store oljeselskap og andre store næringslivsselskap. Som formann av kommisjonen (som hadde bytt namn til Louisiana Public Service Commission) i 1922 vann han ei rettssak mot Cumberland Telephone Company for urettvis auke i prisane (ratane). Telefonselskapet måtte tilbakebetale overtrekk til 80 000 kundar.

Long deltok i guvernørvalet i Louisiana i 1924, men fekk berre tredje flest stemmer.

1928-valet[endre | endre wikiteksten]

Fram til valet på guvernør i 1928 bygde Long ut sin politiske organisasjon, mellom anna ved å støtte katolske, politiske kandidatar. Han gjekk til val på slagordet «Every man a king, but no one wears a crown», ein frase etter ei utsegn av William Jennings Bryan. Longs angrep på selskapa som leverte nyttetenester (vatn, telefon o.l.) og selskap med privilegium vart svært populære.

Long reiste på kryss og tvers i den fattige staten, der eit fleirtal ikkje hadde råd til lesebøker som borna trong for å gå i skule. Han angreip det politiske establishment i New Orleans, kjent som Old Regulars. Old Regulars kontrollerte heile staten gjennom alliansar med sheriffar og andre lokale politiske leiarar. Long føreslo utbygging av offentlege tenester, noko den tradisjonelle leiarskapen ikkje hadde brydd seg mykje med.

State av Long ved Capitol i Baton Rouge i Louisiana.

Long vann valet i 1928 med den største margin i historia til delstaten Louisiana, 126 842 stemmer (43,9 %) mot 81 747 for Riley J. Wilson og 80 326 for Oramel H. Simpson. Long vann ved å løyse ut avskya louisianarar på landet hadde overfor eliten, og ved å gje dei håp om ei betre framtid. Han bygde bru over det tradisjonelle skiljet i staten mellom nord og sør, protestant og katolikk. I staden fekk ein eit skisma mellom fattige gardbrukarar og rike plantasjeeigarar og forretningsmenn.

Guvernør[endre | endre wikiteksten]

Straks Long tok til i stillinga som guvernør starta han arbeidet med å styrke makta si. Han sparka fleire hundre offentleg tilsette på alle nivå, både i statsbyråkratiet og ned til statstilsette jarnbanearbeidarar. I samsvar med praksis fylte han dei ledige stillingane med politiske støttespelarar. Det vart forventa at alle som arbeidde i staten si teneste skulle betale ein liten del av løna til eit fond («ei politisk krigsbrynje») kontrollert av guvernøren.

Då Long hadde styrkt makta si over statsapparatet, sende han ei rekke lovforslag basert på valprogrammet til vedtak i delstatsforsamlinga. Mellom dei lovene som vart vedtekne i 1929-sesjonen var gratis lesebøker til alle skuleborn, og kveldskurs for vaksne analfabetar.

Ei storstilt utbygging av vegar, bruer, sjukehus og utdanningsinstitusjonar i offentleg regi tok til. Long trassa sterk motstand og var pågåande for å sikre gjennomføring av tiltak han var for. Utan førevarsel møtte han opp både i representanthuset, delstatssenatet og i representanthusets komitear, kringsette uvillige representantar og bølla med motstandarane. Taktikken var ny, men gav resultat. Ved å gjennomføre sitt valprogram fekk Long ein heltestatus hos den fattige landbefolkninga.

Statsrettssak[endre | endre wikiteksten]

I 1929 kalla Long både representanthuset og senatet inn til ein ekstra sesjon for å vedta ei avgift på fem cent på kvart fat raffinert olje. Inntektene skulle gå til å finansiere dei sosiale programma som Long stod bak. Oljenæringa var sterkt imot. Longs motstandarar i den lovgjevande forsamlinga svara med å krevje Long fjerna («impeachment») frå embetet. Dei skulda han mellom anna for blasfemi, korrupsjon, bruk av mutar og misbruk av statsmidlar. Long prøvde å få avslutta sesjonen, men lukkast ikkje.

Fleire av klagene fann representanthuset grunn til å sende til handsaming i senatet. Long bringa saka ut til folket, sende trykksaker og reiste sjølv rundt på talarferder. Her hevda han at statsrettssaka var eit forsøk frå Standard Oil og andre storselskap for å hindre at dei sosiale programma skulle iverksetjast. Då rettssaka tok til i senatet, la Long fram eit dokument underteikna av meir enn ein tredel av delstatssenatorane. I dette skrivet («Round Robin») uttala desse at dei uavhengig av prov ville svare «ikkje skuldig», skuldingane mot Long var ukonstitusjonelle og ikkje av ein art som kravde fjerning frå embetet. Ettersom dom ikkje kunne oppnåast, gav motstandarane opp vidare handsaming.

Etter statsrettssaka fjerna Long også slektningar av motstandarar frå stillingar i delstaten. Føre val gav han open støtte til kandidatar som kjempa mot hans eigne motstandarar. Sidan avisene i staten vart finansiert av opposisjonen, grunnla Long i mars 1930 avisa Louisiana Progress. Denne nytta han til å kringkaste framgangar og å underkjenne fiendane sine. Long mottok dødstruslar etter statsretts-saka. Han tok truslane på alvor, omgav seg alltid med væpna livvakter.

1930-sesjonen og senatsval[endre | endre wikiteksten]

Long mislukkast i 1930 å få støtte hos delstatsforsamlinga til nye, store tiltak i offentleg regi. Han svara med å gjere kjent at han ville søke å verte vald til senator for det demokratiske partiet. Han framstilte valet som ei folkeavstemming over programmet sitt; vann han valet ville han sjå det som folkets støtte til sine program i kampen mot den lovgjevande forsamlinga i Louisiana. Tapte han valet, lova han å gå av. Long vann valet til det føderale senatet med vel 57 % av stemmene bak seg. Han tok ikkje sete ved senatet i Washington, men heldt fram som guvernør.

1930-32[endre | endre wikiteksten]

Med solid veljarstøtte vende Long tilbake til sitt offensive program. Med sine gamle motstandarar Old Regulars inngjekk han ei rekke avtalar. Med deira støtte fekk han innført ei bensinavgift, og sett i gang ei rekke byggeprosjekt. Mellom desse var bygginga av ny delstatsforsamling («Capitol», den høgste bygningen i sørstatane i si tid), mange universitetsbygg, nye vegar og bru over Mississippi og flyplass for New Orleans.

Long var ein sterk støttespelar for Louisiana State University, fekk auka talet på studentar frå 1 600 til 4 000. Stipend til fattige studentar fekk han oppretta, og greip inn og valde ny leiar for universitetet.

I oktober 1931 hevda viseguvernøren Paul N. Cyr at Long ikkje lengre kunne vere guvernør, og erklærte at han sjølv var den lovlege guvernøren. Long kalla ut nasjonalgarden og kringsette delstatsforsamlinga. Etter ei sak i Louisianas høgsterett vart Cyr avsett frå stillinga som viseguvernør.

Long valde barndomsvennen Oscar K. Allen til å etterfølgje seg i embetet som guvernør. Allen vann guvernørvalet med stor margin. Long gjekk då i januar 1932 av som guvernør og tok plass i senatet.

Senator 1932-35[endre | endre wikiteksten]

I senatet heldt Long glødande innlegg der han fordømde oppsamlinga av rikdom hos nokre få. Han kritiserte leiarane i begge dei store partia for mangelfulle tiltak mot den økonomiske krisa (thr Great Depression). Særleg gjekk han til åtak på demokratane sin leiar, Joseph Robinson, for å stå for nær president Herbert Hoover.

Før presidentvalet i 1932 annonserte Long at han støtta Franklin D. Roosevelt sitt kandidatur. Han meinte Roosevelt var den einaste av kandidatane som var villig til kraftig å omfordele rikdom, noko Long meinte måtte til for å få slutt på depresjonen. På demokratane sitt landsmøte spela Long ei viktig rolle i å halde vaklande delstatsdelegasjonar på Roosevelt si side.

Long kasta seg deretter inn i kampen for å få vald Hattie Caraway frå Arkansas inn i senatet. Han la ut på ein sjudagars kvervelvind av ei talarferd i Arkansas. Uventa vann Caraway over den kandidaten senator Robinson hadde støtta. Caraway vart dermed fyrste kvinna som vart vald inn i senatet i USA.

Straks etter presidentvalet braut Long med Roosevelt. Han vart klar over at Roosevelt ikkje ville gå inn for ei omfordeling av landets rikdom. Long vart ein av få nasjonale politikarar som frå venstre tala mot Roosevelts New Deal-politikk. Han fann presidentens politikk utilstrekkeleg, men stemte for ein del av forslaga. Han opponerte mot National Recovery Act og kalla lova for billegsal til storkapitalen.

President Roosevelt såg på Long som ein radikal demagog. For å svekke Longs politiske styrke, utelét Roosevelt i juni 1933 Long frå konsultasjonar om korleis føderale midlar skulle nyttast i Longs heimstat Louisiana. Presidenten støtta elles undersøkinga kring valet av senator John H. Overton, ein av Longs allierte. Valkampapparatet til Long var skulda for valfusk og veljarpress, ingenting vart prova. For å diskreditere Long og svekke støttespelarane hans, fekk Roosevelt Longs økonomi etterforska av nasjonens internrevisjon. Long vart ikkje knytt til noko ulovleg, men nokre av hans underordna vart tiltala for skattesnusk.

Longs radikale retorikk og aggressive taktikk vann liten gjenklang hos dei andre senatorane. Ikkje eit einaste av forslaga hans fekk fleirtal i hans tre år i senatet. Under ein debatt sa ein annan senator til Long at han trudde ikkje «du kunne fått Fadervår vedteke i denne forsamlinga».

Utanrikspolitisk var Long urikkeleg isolasjonist. Han hevda at USAs inngrep i den spansk-amerikanske krigen og i fyrste verdskrigen var fatale feilgrep utført på vegne av storkapitalen (Wall Street).

Del rikdommen vår[endre | endre wikiteksten]

Long var ein glødande kritikar av Federal Reserve System. Han og ei gruppe andre senatorar og kongressrepresentantar meinte nasjonalbankens politikk var den eigentlege grunnen til den økonomiske depresjonen. Long fordømte store bankhus som Morgan og Rockefeller i New York, desse hadde aksjar i nasjonalbanken. Han hevda bankhusa kontrollerte pengesystemet til eiga vinning.

I 1934 presenterte Long programmet Share Our Wealth ('Del rikdommen vår') med mottoet «Every Man a King» ('Kvar mann ein konge'). Her føreslo han nye tiltak som skulle dempe fattigdomen og kriminaliteten som følgde depresjonen. Han hevda det var rikdom nok i landet til at alle kunne nyte ein akseptabel livsstandard. Men rikdomen var urettvist konsentrert i hendene på eit fåtal bankmillionærar, forretningsmenn og industribaronar.

Ein netto eigedomsskatt på store aksjeselskap og rike enkeltpersonar skulle avgrense dei private formuane. Skatteforslaget gjekk ut på at ein skulle behalde det eksisterande skattesystemet for inntekter under 1 million dollar. Den andre millionen dollar skulle skattleggast med 1 %, den tredje med 2 %, den fjerde med 4 %, den femte med 8 %, den sjette med 16 %, den sjuande med 32 %, den åttande med 64 %, resten med 100 %.

Skattemidlane ein fekk inn skulle nyttast til å garantere alle familiar eit hushaldsbidrag på 5 000 dollar og ei årsinntekt på 2-3 000 dollar (noko som utgjorde i kring 1/3 av gjennomsnittleg familieinntekt). Han føreslo elles gratis utdanning både på grunnskule- og collegenivå, alderspensjonar, støtte til bønder og offentlege arbeidstiltak, og innføring av 30 timars arbeidsveke.

Long nekta for at programmet hans var sosialistisk, og sa heller at planen henta inspirasjon frå Bibelen og frå den amerikanske sjølvstendeerklæringa. Han meinte at berre ei radikal omdanning av nasjonaløkonomien, og fjerning av skilnaden mellom rik og fattig, kunne få slutt på depresjonen og hindre ein valdeleg revolusjon. Etter at eit av hans lovforslag hadde falle i senatet, uttala Long; «Ein mobb kjem for å hengje dei andre 95 av dykk fordømte slynglar, og eg er uviss på om eg skal halde meg hos dykk eller gå ut og leie dei.»

I februar 1934 danna Long ein nasjonal, politisk organisasjon, Share Our Wealth Society. Organisasjonen, som i 1935 hadde 7,5 millionar medlemer, arbeidde i opposisjon mot det demokratiske partiet og Rooseveltregjeringa. Fleire historikarar meiner press frå Share Our Wealth Society verka inn på presidentens Second New Deal i 1935.

Kontroll over Louisiana, 1932-35[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Long ikkje hadde nokon konstitusjonell posisjon, hadde han stor makt i heimstaten. Han la ofte turen til delstatshovudstaden Baton Rouge og la press på delstatsforsamlinga. Hans lojale støttespelar, guvernøren, følgde tenestevillig opp Longs forslag.

Saman med ein oljeprodusent (og delstatssenator i Louisiana), James A. Noe, danna Long det kontroversielle Win or Lose Oil Company. Selskapet vart grunna for å drive utleige av statsallmenningar til større oljeselskap. Aktiviteten til selskapet og kven som stod bak det, låg i det skjulte for offentlegheita. Long gjorde profitt på bonusar og på vidareutleige av statsløyva, midlane nytta han til politiske føremål.

Statsstyresmaktene i Louisiana avgrensa lokalstyret i New Orleans, Baton Rouge og Alexandria i 1934. Vidare fekk guvernøren mynde til å utnemne folk til alle statens posisjonar. Long fekk oppretta ein politistyrke av sivilkledde politifolk, ein styrke som låg direkte under guvernøren.

Longs siste år[endre | endre wikiteksten]

Huey Long nokre veker før han blei drepen.

I januar 1935 samla motstandarar av Long i Louisiana seg og oppretta ein paramilitær organisasjon kalla Square Deal Association. Mellom medlemene var to tidlegare guvernørar og borgarmeisteren i New Orleans. 25. januar 1935 okkuperte 200 medlemer av den paramilitære rørsla tingstova for East Baton Rouge Parish. Dei paramilitære forlét tingstova etter ei stund, men det kom til skyting mellom desse og politiet ved flyplassen i byen. Berre ein vart skadeskoten.

Sommaren 1935 vart den lovgjevande forsamlinga i Louisiana innkalla til to omframtsesjonar. Utan debatt og forhandlingar vart lover vedtekne i stort tempo. Ved å opprette nye statskontor med særoppgåver, befolka med Long-oppnemnde folk, sørgde dei nye lovene for å sentralisere enno meir av den politiske makta. Borgarmeisteren i New Orleans vart fråteken det han hadde hatt av makt.

Long hevda i juli 1935 å ha avslørt eit mordkomplott. Ein tredje omframtsesjon i delstatsforsamlinga vart sett i september 1935. Long reiste frå Washington til Baton Rouge for å følgje framdrifta i forhandlingane. Kva som hende den 8. september i Capitolbygninga er ikkje heilt klart. Dei fleste meiner Long vart treft av eit eller to skot avfyrt av legen Carl Weiss. Weiss vart omgåande skoten, treft av over femti kuler frå livvakter og politi på staden. 28-årige Weiss var svigerson av ein dommar, som, i følgje slektningar, etter opposisjon mot Long og gjennom valfusk skal ha mist embetet. Long døydde to dagar seinare av indre blødingar.

Den første gravsteinen til Huey Long, no ved Louisiana State Museum.

Long vart gravlagd frå Capitol, kledd i smoking og liggande i ei open kiste. Om lag 100 000 menneske skal ha defilert forbi kista. På hovudvegen mellom New Orleans og Baton Rouge køyrde bilane med støytfangar mot støytfangar. Long vart gravlagt utanfor delstatens Capitol, ei statue vart reist over grava hans.

Arven etter Long[endre | endre wikiteksten]

Statue av Long ved Louisiana State Capitol.

I Longs fire år som guvernør auka lengda på asfalterte hovudvegar i Louisiana frå 533 km til 3 703 km. I 1936 hadde samferdsleprogrammet som Long hadde starta, ført til at 14 500 km med ny veg var anlagt, ei fordobling av vegnettet i staten. Han fekk bygt 111 bruer og starta bygginga av fem bruer over Mississippi. To av bruene over Mississippi er oppkalla etter han.

Innføring av gratis skulebøker og bygginga av skular utvida det offentlege undervisningssystemet. På kveldsskular lærte 100 000 vaksne å lese. Skulestipend for elevar og studentar utan midlar vart innført, og eit medisinstudium vart oppretta i New Orleans. Offentleg sjuketeneste fekk fordobla budsjetta sine, samstundes forbetra ein institusjonar som pleia mentalt sjuke. Delstatsregjeringa løyvde midlar til eit nett av gassrøyr til dei større byane, bygde eit 18 km langt dike mot Mexicogolfen og flyplass ved New Orleans.

Det politiske maskineriet som Long hadde bygt opp, var svekka etter hans død. Likevel hadde det innverknad på alle val i staten fram til 1960. Longs sosiale program og hans populistiske retorikk utgjorde det viktigaste skilje i politikken i Louisiana i fleire tiår. Endå til i dag er det skarpe motsetnader i synet på Long, oppfatningane varierer frå folkehelt til rå diktator.

Ei rekke av Huey Longs nære familiemedlemer kom i lang tid etter hans død til å inneha framskotne politiske posisjonar. Kona Rose vart utnemnd til å take over plassen hans i US-senatet. Ein bror vart guvernør i Louisiana, ein annan vart vald inn i kongressen. Sonen Russell B. Long var senator i nesten 40 år, frå 1949 til 1987.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Long var modell for Robert Penn Warren sin roman All the King’s Men, som vart tildelt Pulitzerprisen I 1946. Romanen har vorte filmatisert to gonger. Fyrste gongen i 1949 av Robert Rossen og så i 2006 av Steve Zaillian. Rossen vann Oscarprisen for beste regi.

Biografien Huey Long, skriven av T. Harry Williams, vart tildelt Pulitzerprisen i 1970. Dokumentaristen Ken Burns laga i 1985 ein film om Long.

På LP-en Good Old Boys (1974) har musikanten Randy Newman to melodiar knytt til Long. Den eine av melodiane er til tekst av Long og ein medhjelpar; «Every Man a King». Det påfølgjande musikkuttet heiter «Kingfish», som var kallenamnet til Long.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Huey Long