Huftarøy

Koordinatar: 60°02′31″N 05°15′18″E / 60.04194°N 5.25500°E / 60.04194; 5.25500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Huftarøy
Det nordlege Austevoll med Bjørnefjorden i bakgrunnen. Huftarøy strekkjer seg frå midten av biletet og mot høgre.
Det nordlege Austevoll med Bjørnefjorden i bakgrunnen. Huftarøy strekkjer seg frå midten av biletet og mot høgre.
Geografi
Stad Sunnhordland
Koordinatar 60°02′31″N 05°15′18″E / 60.04194°N 5.25500°E / 60.04194; 5.25500

Areal 50,4 km²

Høgaste punkt Loddo (244 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Vestland
Største busetnad Storebø (1658 innb.)

Demografi
Folketal ca. 3000 (2023)
Folketettleik 60 /km²

Huftarøy er den største øya i Austevoll kommune rekna etter både areal og innbyggjartal. Arealet er 50,4 kvadratkilometer og det bur ca. 3000 personar her.

Øya ligg mellom Møkstrafjorden i vest, Bjørnafjorden i aust, Langenuen og Selbjørnsfjorden i sør og Korsfjorden i nord.

Nord på Huftarøy ligg kommunesenteret Storebø, med 1658 innbyggjarar (2023). Bygdene Kolbeinsvik og Vik ligg òg på Huftarøy.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Det går ferje frå Hufthamar nord på Huftarøy til Krokeide i Fana bydel i Bergen kommune, og til Hundvåkøy. Dette ferjesambandet vert trafikkert av to ferjer. Søraust på Huftarøy, i Husavik, går det ferje til Sandvikvåg i Fitjar kommune på øya Stord.

HSD sine hurtigbåtar og Flaggruten går innom transportknutepunktet Hufthamar nord på Huftarøy.

På sørspissen av Huftarøy går Selbjørnsbrua over til Selbjørn, som er den nest største øya i Austevoll. Hausten 2005 vart bruprosjektet Austevollsbrua sett i gang, og i 2008 stod bruprosjektet som skal binde Huftarøy saman med Hundvåkøy ferdig.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
449 1015 24291 30771

1 Med Drøna, Rostøya og mindre holmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]